Adriano Banchieri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adriano Banchieri
BANCHIERI-C64 001ritratto.jpg
Fødd 3. september 1568, Bologna i Italia
Død 1634 (65 år), Bologna i Italia
Instrument Orgel
Sjanger Renessansemusikk, barokkmusikk
Aktive år 1599-1623
Yrke Komponist, organist

Adriano Banchieri (3. september 15681634) var ein italiensk komponist, musikkteoretikar, organist og diktar seint i renessansen og tidleg i barokken. Han grunnla Accademia dei Floridi i Bologna.[1]

Han vart fødd og døydde i Bologna. I 1587 vart han munk i benediktinarordenen, og gav løftet i 1590. Han endra då namnet sitt til Adriano (frå Tommaso). Ein av lærarane hans ved klosteret var Gioseffo Guami, som hadde stor innverknad på stilen hans.

Som Orazio Vecchi var han interessert i å forvandle madrigalen til dramatiske føremål.[1] Han var ein av dei som utvikla forma kalla «madrigalkomedie» — ikkje iscenesett, men ei dramatisk madrigalsamling som vart sunge i lag og fortalte ei historie. Tidlegare vart madrigalkomedien rekna som ein av dei viktige forgjengarane til opera, men dei fleste musikklærde ser i dag på stilen som ei eiga utvikling, og ein del av ei generell interesse i Italia på denne tida i å skape musikalske dramaformer. I tillegg var ein viktig komponist av canzonettaer, eit lettare og særs populært alternativ til madrigalen på slutten av 1500-talet.

Banchieri mislikte monodiar med all dei nyskapande harmoniske tendensane sine. Om dette uttrykte han seg kraftig i verket sitt Moderna Practica Musicale (1613), medan han systematiserte den legitime bruken besifra bass frå den monodiske kunsten.[1]

I fleire utgåver frå 1605 (trykt opp att minst seks gonger før 1638), gav Banchieri tu ei rekkje orgelverk kalla l'Organo suonarino.[2]

Den siste utgjevinga til Banchieri var Trattenimenti da villa frå 1630.[3] I følgje Farahat[3] skreiv han fem madrigalkomediar mellom 1598 og 1628 med «handling- og karakterutvikling», frå og med La pazzia senile i 1598, til La saviezza giovenile, som var den siste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Wikisource-logo.svg «Banchieri, Adriano». Encyclopædia Britannica (11. ed.). 1911. 
  2. Bonta, Stephen (Spring 1969). «The Uses of the 'Sonata de Chiesa'». Journal of the American Musicological Society (Richmond, Va.: American Musicological Society) 22 (1): 56. ISSN 0003-0139. 
  3. 3,0 3,1 Farahat, Martha (1991). «On the Staging of Madrigal Comedies». Early Music History (Cambridge, U.K.: Cambridge University Press) 10: 123–143. doi:10.1017/S026112790000111X. OCLC 8595852. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]