Afasiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Afasiologi er studiet av språklege problem som er resultat av hjerneskade.

Slike hjerneskader er kalla afasi, afasi kan definerast som nedsett eller kompromittert språkprodksjon eller -forståing som ikkje kjem av døvheit eller lamming av taleorgana. Fleire typar av afasi er skildra i faglitteraturen, dei to best kjende er Brocas afasi og Wernicke's afasi. Afasi er som regel eit resultat av øydelagt hjernevev som følgje av hjerneslag (ischiemisk eller hemorrhagia).

Ved Brocas afasi, som først vart skildra av den franske neurologen Paul Broca på attenhundretalet (1862), beheld pasienten sitt ordforråd, men står utan grammatisk kunnskap. Typisk for Brocas afasi er tale som består for det meste av ord frå dei opne ordklassene (substantiv, verb, adjektiv), utan grammatiske ord frå dei lukka ordklassene. Dette mønsteret har gjeve opphav til termane telegrafisk tale og agrammatisme. Spørsmålet om kor mykje grammatisk kunnskap pasientar med Brocas afasi har er omstridd. I og med at Broca-pasientar både er i stand til å forstå tale og til sjølv å snakke godt nok til å gjere seg forstått, tyder på at skaden i hovudsak gjeld den delen av språkevna som gjer tankar om til velforma setningar.

Ei anna sak som stør opp om synet på Brocas afasi som ein skade på uttrykksevna er at det ofte opptrer i lag med motoriske skadar i ansiktet, og også lokaliseringa av sjølve hjerneskaden. Sjølv om skader på ulike hjerneregionar kan gje Brocas afasi er det som oftast knytt til den inferiore frontale gyrusen, ein region som grensar mot den motorcortexen som kontrollerer munn og tunge. Dette området (Brodmanns Area 44 og 45) blir kalla Brocas område. Nyare forsking har vist at Broca-afatikarar også har problem med å forstå. Spesielt gjeld dette setningar som representerer grammatiske komplekse strukturar, eller setningar med atypisk ordstilling. Dei enklaste setningane av denne typen er setningar i passiv, setningar av typen Guten vart fanga av jenta. Broca-afatikarar har store problem med å forstå at det er jenta som fangar guten, men dei får det mykje betre til med setninga Musa vart fanga av katten, der kunnskap om verda gjer det lettare å finne ut kven det er som fangar kven. Data av denne typen tyder på at grammatisk kunnskap generelt er involvert i skader i Brocas område.

Eit slikt samansett bilete får støtte frå visse eigenskapar ved Wernicke's afasi, som (i 1874) vart skildra av den tyske neurologen Karl Wernicke, som levde samtidig med Broca. Wernicke-afatikarar produserer tale som verkar flytande og grammatisk, men som ikkje gjev meining, semantisk sett. Wernicke-afatikaren maglar nyansert fonemisk informasjon (da Wernickes senter er meir eller mindre utradert), og han kan difor heller ikkje konstruere korrekte fonetiske realisasjonar. Talen blir neologistisk. Forståingsevna til pasienten er alvorleg skada. Wernicke's afasi er knytt til posterior superior temporal gyrus-området, som er kjend under namnet "Wernickes senter". Dette området ligg like attom Heschls transverse gyrus, som er det primære senter for auditiv prosessering. Plasseringa av dei to mest kjende afasimønstra speglar såleis den prinsipielle arbeidsdelinga i hjernen: Fremre område er for motor-output, og bakre område for prosessering av input-stimuli.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia