Tunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Tunga».
Utstrekt mennesketunge

Tunga er ei stor muskelsamling i munnen som handsamar mat og blir brukt til å smaka med. Ho blir òg brukt til kommunikasjon, og er eitt av taleorgana hjå menneske. I tillegg har ho ei rekkje andre bruksfelt.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Mykje av tungeyta er tekt med smakslaukar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Menneske brukar tunga til å framstilla ei rekkje språklydar ved at ho sperrar for noko av luftstraumen som går ut gjennom munnen.

Tunga er òg ein viktig del av kroppsspråk, der å slikka seg rundt munnen tyder at ein har lyst på mat, eller ei utstrekt tunge kan brukast til å erta eller skremma med. Det siste finst til dømes i formelle helsingar blant maoriar.

Avkjøling[endre | endre wikiteksten]

Nokre dyr bruker tunga til å kjøla seg ned med. Ved å rekka ut tunga slik at vatn fordampar frå henne, senker dei kroppstemperaturen på same måte som når menneske sveittar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tunge
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.