Munn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Munnhola på eit menneske med drøvel og svelg.

Munnen er ein kroppsopning som mange dyr bruker for å ta til seg næring. Han kan også brukast til anding, kommunikasjon og utskiljing av væske, som spytt eller gift. For det meste ligg munnen i hovudet, men nokre dyr har han andre stader på kroppen. Hjå menneske er munnen tydeleg markert med lepper i fjeset.

Munnhola[endre | endre wikiteksten]

Munnhola (latinsk cavum oris) er første del av fordøyelsessystemet. Her tek meltinga til gjennom at maten blir kutta opp i mindre bitar av tennene og tilsett spytt frå spyttkjertlane. Spytt er basisk (pH høgare enn 7) og inneheld enzymet amylase som spaltar stivelsesmolekyl frå polysakkaridar til disakkaridar. Spyttet drep bakteriar og gjer også maten blautare og lettar å svelga. Når maten er ferdig toggen, blanda og fordelt, blir han dytta ned i svelget av tunga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.