Aga Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aga Khan er tittelen på den andelege leiaren (imamen) for sjiasekta ismaili. Leiaren stammar frå den eldste sonen til Jafar as-Sadiq, Ismail ibn Jafar, medan mindretalet blant sjiaer følgjer imamlinja etter Musa al-Kazim. Jafar as-Sadiq skal igjen vera ein etterkomar av Muhammed gjennom dottera Fatima.

Sjølve tittelen er sett saman av den tyrkiske militærtittelen agha ('adeleg' eller 'herskar') og herskartittelen khan. Han blei først gjeven til den 46. ismaili-imamen, Aga Hasan Ali Shah, av sjahen av Persia på 1800-talet. Dei britiske styresmaktene i India gav Aga Khan fyrsterang og ein statleg pensjon etter å ha hjelpt Charles Napier i erobringa av Sind i 1843-44.

Innehavarar av Aga Khan-tittelen[endre | endre wikiteksten]

  1. Første Aga Khan: Hasan Ali Shah Mehalatee Aga Khan I (1800–1881), 46. imamen (1817–1881)
  2. Andre Aga Khan: Ali Shah Aga Khan II (about 1830–1885), 47. imamen (12. april 1881–1885)
  3. Tredje Aga Khan: Sir Sultan Mohamed Shah (1877-1957), 48 . imamen (17. august 1885–1957)
  4. Fjerde Aga Khan: Sjah Karim Al Husseini (f. 1936), 49. imamen (frå 11. juli 1957)

Den tredje aga khanen, ofte berre kjend som Aga Khan, var Sultan Mohamed Shah (1877–1957). Han var aktiv i indisk og pakistansk sjølvstendekamp og var med på skipa Muslim League i 1906. I 1918 gav han ut India in transition, eit viktig arbeid for den politiske prosessen som førte fram til indisk sjølvstende. I 1937-38 var han president for Folkeforbundet.

Sonesonen Sjah Karim al Husseini blei utpeikt til ny Aga Khan og den 49. imamen etter at farfaren døydde i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]