Sind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sind
Plassering
Plassering av
Styresmakter
Guvernør
Sjefsminister
Ishrat-ul-Ibad Khan
Syed Qaim Ali Shah
Geografi
Flatevidd
140 914 km²
Annan informasjon
Nettstad: www.sinh.gov.pk

Sind (eng. Sindh) er ein av dei fire provinsane i Pakistan og ligg søraust i landet. Han grensar til India i aust, Balutsjistan i vest og Panjab i nord, og har kyst til Det arabiske havet i sør. Indus renn gjennom provinsen og skapar Indusdalen og -deltaet. Ved den indiske grensa i aust ligg Tharørkenen.

Regionen har særleg vore folkesett av sindhiar, men sidan opprettinga av Pakistan har mange hovudsakleg urdutalande indiske muslimar slått seg ned her. Også folk frå andre delar av Pakistan har busett seg i provinsen.

Regionen inneheld særs gamle og viktige spor etter menneske, som Kot Diji, ein forløpar for Induskulturen, og Mohenjo-Daro, ein av dei største byane innan kulturen.

Provinsen har 23 distrikt.

Byar[endre | endre wikiteksten]




Kjelder[endre | endre wikiteksten]