Aggtelek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aggtelek er ein landsby nordaust i Ungarn.
Landsbyen er kjend for dryppsteinshola som ligg her. Ho er 24 km lang og ei av dei lengste grottene i Europa. Den største grottehallen er 120 120 × 30 × 40 m. Det finst opp mot 25 meter høge stalagmittar i hola. Ho var busett alt i steinalderen og det er gjort mange arkeologiske funn her. Hola er i dag oppført på verdsarvlista til UNESCO.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Aggtelek»