Agurknytt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Agurk i medieverda tyder på at det er lite nytt å fortelja om.
Agurknytt er ei nemning for nyhende som dei fleste ser på uviktige, men som like fullt tar stor plass i media. Dette fenomenet ser ein særleg i sommarmånadene, når Stortinget og andre verksemder har lågare aktivitet eller tek ferie.
Historie [endre]
Namnet kjem frå at avisene om sommaren tidlegare stort sett skreiv om prisane i torgbuene, til dømes prisen på agurk.
I dag [endre]
Agurknytt er eit vanleg omgrep i dag. Eit døme på kva som kan kallast agurknytt, er når tabloidavisene brukar det meste av førstesida si på å fortelje at godvêret er på veg.