Agurk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Agurk | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Cucurbitales | |
| Familie: | Cucurbitaceae | |
| Slekt: | Cucumis | |
| Art: | C. sativus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Cucumis sativus | ||
Agurk er ein plante i graskarfamilien. Bæret til agurken blir brukt som grønsak, og agurk har vore kulturplante i India i minst tre tusen år. Han kom til Noreg på 1660-talet. Agurken er som regel grøn og blir eten rå eller sylta.
Innhaldsliste |
Skildring[endre]
Agurkplanten har gule blomar og store blad. Agurkfruktene har ei noko krumma sylinderform og kan bli frå 10 til 60 cm lange.
Bruk[endre]
Agurk blir ofte delt i skiver eller terningar og brukt i agurksalat eller som del av ein annan salat. Ein kan òg bruka han som pålegg eller anna slag tilhøyr.
Næringsinnhald[endre]
Heile 96-97 % av agurken er vatn, og han gjev difor mindre næring enn mange andre frukter. Fersk agurk er likevel ei god kjelde for C-vitamin, K-vitamin og kalium. Sylteagurk inneheld endå mindre næringsstoff, særleg C-vitamin.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- «Agurk» på Wikipedia på bokmål og riksmål
- «Cucumber» på engelsk Wikipedia