Ahn Young-Hak
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Ahn Young-Hak (koreansk: 안영학) |
|
| Fødselsdato | 25. oktober 1978 | |
| Fødestad | Kurashiki i Japan | |
| Høgd | 182 cm | |
| Posisjon | Midtbane | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Omiya Ardija | |
| Draktnummer | 5 | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2002-04 2005 2006-07 2008-09 2010- |
94 (7) 21 (0) 39 (5) 18 (2) 0 (0) |
|
| Landslag | ||
| 2007- | 22 (2) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Ahn Young-Hak, med revidert transkripsjon An Yeong-hak (fødd 25. oktober 1978 i Kurashiki i Chūgoku-regionen i Japan) er ein nordkoreansk-japansk fotballspelar som spelar på midtbanen for Omiya Ardija i den japanske J-ligaen, og for det nordkoreanske landslaget.
Ahn vart fødd og voks opp i Japan av koreanske foreldre. Han gjekk på ein skule som ideologisk identifiserte seg med Nord-Korea. Han er nordkoreansk statsborgar, og har ikkje japansk pass.[1]
[endre] Klubbkarriere
I 2002 begynte han karrieren sin som profesjonell fotballspelar i den japanske andredivisjonsklubben Albirex Niigata, der han var med på å vinna opprykk i 2003. Før 2005-sesongen gjekk han til Nagoya Grampus Eight, før han drog til Sør-Korea og Busan I'Park i K-ligaen i 2006. Frå 2008 til 2009 spelte han så for Suwon Samsung Bluewings, også i K-ligaen, der han var med på å vinna seriemeisterskapen i 2008 og cupen i 2009. I 2010 vende han attende til Japan og førstedivisjonsklubben Omiya Ardija.
[endre] Landslagskarriere
Ahn har spelt for Nord-Korea sitt landslag sidan 2002. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006 spelte han i fem kampar, og i 2008 spelte han for Nord-Korea i austasiameisterskapen. Elles spelar han sjeldan i landskampar utanom offisielle FIFA-kampar. Under den vellukka kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 spelte han 13 av kampane, og var ein av hjørnesteinane på laget.[2]
[endre] Fotnotar
- ↑ guardian.co.uk: Chosun one prepares for crucial qualifier (25. mars 2008)
- ↑ fifa.com: Korea DVR zurück auf der Weltbühne (16. okt. 2009)
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 8. juni 2010.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Ri Myong-Guk • 2 Cha Jong-Hyok • 3 Ri Jun-Il • 4 Pak Nam-Chol • 5 Ri Kwang-Chon • 6 Kim Kum-Il • 7 An Chol-Hyok • 8 Ji Yun-Nam • 9 Jong Tae-Se • 10 Hong Yong-Jo • 11 Mun In-Guk • 12 Choe Kum-Chol • 13 Pak Chol-Jin • 14 Pak Nam-Chol • 15 Kim Yong-Jun • 16 Nam Song-Chol • 17 Ahn Young-Hak • 18 Kim Myong-Gil • 19 Ri Chol-Myong • 20 Kim Myong-Won • 21 Ri Kwang-Hyok • 22 Kim Kyong-Il • 23 Pak Sung-Hyok • Trenar: Kim Jong-Hun |
||