2010 (MMX med romartal) i den gregorianske kalenderen er eit år utan skotdag som byrja på ein fredag.
Hendingar [endre]
Hendingar [endre]
Utlandet [endre]
- 1. januar: Spania tok over formannskapet i Rådet for Den europeiske unionen.
- Ein sjøvlmordsbombar drap minst 95 personar og skadar over 100 under ein volleyballkamp i nordvestre Pakistan.
- Den danske karikaturteiknaren Kurt Westergaard blei utsett for eit drapsforsøk i heimen sin.
- Minst 75 menneske døydde som følgje av jordskred og flaum i den brasilianske delstaten Rio de Janeiro. Flaumen førte òg til at landet sitt einaste atomkraftverk måtte stengast.
- 4. januar: Det 828 meter høge Burj Khalifa blei opna.
- 5. januar: Den islandske president Olafur Ragnar Grimsson nekta å skrive under på ein lov om tilbakebetaling av gjeld til England og Nederland, men kravde folkerøysting om loven.
- 6. januar: Ein sjølvmordsbombar drap seks politimenn ved byen Makhatsjkala i Dagestan i Russland.
- 7. januar: Sju rakettar blei avfyrt mot Israel frå Gaza. Israelske kampfly bomba tre mål i Gaza.
- Ein 51 år gammal mann skaut mot personalet med ein AK-47 på eit ABB-kontor i den amerikanske byen St. Louis. Sju personar blei treft av skota, tre av dei døydde. Gjerningsmannen tok deretter sitt eige liv.
- 8. januar: Spelarbussen til Togo sitt herrelandslag i fotball blei skoten på med maskingevær då dei kom til Angola for å spela i Afrikameisterskapen. Bussjåføren og to personar i laget sitt støtteapparat blei drepne, medan fleire blei alvorleg skadt. Separatistrørsla Kampen for fridom for Kabinda-enklaven skal ha stått bak angrepet.
- 10. januar: Kroatia heldt andre valomgang i presidentvalet. Ivo Josipović blei valt til ny president med 60,3% av stemmane.
- 11. januar: Chile blei det første søramerikanske landet i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).
- 12. januar: Eit jordskjelv på Haiti mælte 7.0 på Richters skala, og gjorde store skadar i hovudstaden.
- Heineken overtok FEMSA Cerveza.
- 14. januar: Ein sjølmordsbombar tok livet av minst 20 personar i byen Dihrawud i Afghanistan.
- Tre bomber eksploderte i byen Najaf i Irak og drap minst 25.
- Dommedagsklokka blei stilt eitt minutt tilbake.
- 15. januar: Ringsolformørking, den lengstvarande slike på heile 2000-talet, kunne sjåast i Afrika og Asia.
- 17. januar: Chile heldt andre valomgang i presidentvalet. Den konservative Sebastián Piñera vinn, med 51,6% av stemmane.
- Ukraina heldt første valomgang i presidentvalet. Viktor Janukovytsj og Julija Tymosjenko gjekk vidare til andre valomgang.
- Kampar mellom kristne og muslimar i den nigerianske byen Jo sin byrjar. Fleire hundre blir drepe i løpet av dei neste dagane.
- 19. januar: Republikanske Scott Brown vann eit senatorsete i suppleringsvalet i Massachusetts.
- 23. januar: Seks TV-kanalar i Venezuela blei stengt fordi dei ikkje viste talane til president Hugo Chavez. Å gjera dette hadde vore lovfesta sidan desember 2009.
- 25. januar: Ali Hassan al-Majid blei avretta i Irak.
- Ethiopian Airlines Flight 409 styrta i Libanon.
- 26. januar: Sri Lanka heldt presidentval. Mahinda Rajapaksa blei gjenvald.
- 27. januar: Apple offentleggjorde notatblokk-PCen iPad.
- 31. januar: Statoil og LUKoil skreiv kontrakt for 20 år for West Qurna 2-feltet i Irak.
- 16 personar vart massakrerte under ein ungdomsfest i den meksikanske byen Juárez. Dei vart drepne av ein narkotikabande som trudde festdeltakarane var gjengmedlemmer.
- 1. januar:Åsgårdstrand, Moelv og Brumunddal fekk bystatus.
- Båtførarprøven blei obligatorisk for førarar av store fritidsbåtar.
- Synleg oppstilling av tobakksvarer blei forbode i Noreg.
- Inkassosatsene i Noreg blei redusert.
- Den nye utlendingsloven kom i kraft i Noreg.
- Forskriften om kommunal beredskapsplikt kom i kraft.
- Ansvarsgrensene i sjøloven for erstatningskrav ved opprydding etter sjøulykker blei heva.
- P5, P4 sine nye lokalradiokanalar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, starta sendingane sine.
- 4. januar: NRK Super lanserte eigne nyheitssendingar for born, Supernytt.
- 6. januar: Ny kulderekord for Buskerud med –38,9 °C på Dagali flyplass.
- I timen mellom kl 8 og 9 blei det sett ny rekord for forbruk av straum i Noreg. 23 967 MWh/h blei brukt.
- 11. januar: Luftkvaliteten i Bergen blei mælt til den dårlegaste blant Europas byar.
- 15. januar: Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité heldt ei open høyring om dei store problema med NAV-reforma.
- For å få ned luftforureininga i Bergen blei det innført restriksjonar på biltrafikken inn til sentrum.
- 16. januar: Noreg toppa som året før SN si liste over menneskeleg utvikling, HDI.
- 26. januar: Hønefoss kyrkje brann ned.
- 18.–24. januar: Tromsø Internasjonale Filmfestival i Tromsø.
- Sjå òg Fødde i 2010.
- Sjå òg Døde i 2010.