Air Livonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Air Livonia var eit lite flyselskap med base i Pärnu i Estland. Flyselskapet dreiv rutetrafikk mellom Pärnu og Ruhnu, Kihnu og Kuressaare, og også chartertrafikk.

Air Livonia hadde små tomotors Antonov An-28-fly som kunne lande på dei korte flystripene på Ruhnu og Kihnu. Flya hadde plass til 18 passasjerar. Flyselskapet hadde også eldre fly av typen Antonov An-2.

Flyselskapet vart starta i 1994 under namnet Baltic Aeroservice, og i februar 2006 vart det meldt at selskapet ville stoppe ruteflygingane i april det året.

Kodar[endre | endre wikiteksten]

  • ICAO-kode: LIV
  • Opprop: Livonia