Aiskylos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aiskylos (eller Aiskhylos, jamvel Aischylos, gresk: Αἰσχύλος), (ca 525 f.Kr.-456 f.Kr.) er ein av dei store greske tragediediktarane, ved sidan av Sofokles og Evripedes.
Aiskylos vart fødd i Elevsis i Attika, og budde det meste av livet i Aten. Han hadde byrja med dramatisk dikting alt 500 f.Kr., ti år seinare deltok han i slaget ved Marathon, der han kjempa i flåten, og etter nye ti år deltok han ved slaget ved Salami. Han var den første som brukte to skodespelarar, og let dialogen få ein berande plass. Emne for diktinga var henta frå segner om gudar og heltar.
Sju av verka hans er bevarte:
- Trilogien Orestien, med Agamemnon, Sonofferet, Evmenidane (458 f.Kr.)
- Perserane (472 f.Kr.)
- Dei sju mot Theben (467 f.Kr.)
- Hiketídes
- Prometevs
[endre] Kjelder
- Kristen Weierholt i Norsk Allkunnebok (1948)
- Gerhard Bendz i Verdens litteraturhistorie (1971) ISBN 82-574-0062-9