Al-Hass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Al-Hass
fjell
none  Ḥaṣṣ sett frå Safīrah.
Ḥaṣṣ sett frå Safīrah.
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Aleppo guvernement
høgd 638 moh

al-Ḥaṣṣ eller Aḥaṣṣ (arabisk جبل الحص eller جبل الأحص; nordsyrisk arabisk: ǧabal əl-Ḥəṣṣ) er eit 500 meter høgt platå, største høgd på 638 meter over havet, på nordsida av Den syriske ørkenen. Det ligg i Safīrah-distriktet i Aleppo guvernement i Syria.

Platået strekkjr seg over 60 km med ei breidd på kring 30 km på vestsida av Jabboulsjøen frå Safīrah i nord til Sabkhat Kharāyij og Sabkhat Ḥammām i sør. I aust ligg Qinnasrīnsletta (den sørlege Alepposletta) og låglandet Maṭkh. Ei mindre høgd kalla Shabīth (arabisk جبل شبيث) (høgaste punkt 360 moh) ligg i søraust, og bortom dette ligg Sabkhat Shabīth. Sletta Khunāṣir skil mellom Ḥaṣṣ og Shabīth.[1]

Området har meir enn 150 landsbyar busette av beduinar eller folk av beduinsk opphav. Det er eit av dei fattigaste områda i Syria. Eit utviklingsprosjekt har pågått for å betre levestandarden.[2]

Ei gammal festning frå antikken er nyleg oppdaga på Ḥaṣṣ.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Abd as-Salam, Adil (1991) Generell Syrisk geografi (arabisk)
  2. esyria (arabisk)
  3. http://www.dgam.gov.sy/index.php?d=177&id=681