Alain Connes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alain Connes.jpg

Alain Connes (fødd 1. april 1947) er ein fransk matematikar og ein av dei viktigaste matematikarane i vår tid.

Han er professor ved Collège de France og Institut des Hautes Études Scientifiques i Paris. Hovudverket hans er Géométrie non commutative (1990), der han lanserte ei omfattande utviding av geometrien. I lag med nevrobiologen J.-P. Changeux gav han ut boka Matière à pensée (1989). Connes har mellom anna løyst fleire vanskelege problem innan teorien for operatoralgebraer og har oppretta samband mellom felt som algebraisk geometri, algebra og matematisk analyse.

I 1982 fekk Connes Fields-medaljen og er medlem av Det franske vitskapsakademiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]