Alan Bullard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alan Bullard (fødd 4. august 1947 i London) [1] er ein britisk komponist, særleg kjend for pedagogisk pianomusikk og komposisjonar for kor.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alan Bullard studerte piano på musikkonservatorium i Blackheath før han tok til å studera ved Royal College of Music i London under m.a. Herbert Howells. Han tok vidare musikkstudium ved Nottingham University. Etter dette dreiv han ein del musikkundervisning ved forskjellige kunst- og musikkskular frå 1970 til 1975.

Det fyrste verket Alan Bullard i dag som sin fyrste komposisjon, er «Three Poems by W.B. Yeats» (1973). Få andre verk av Bullard som vart skrive frå denne tida, har overlevd til i dag. Alan Bullard flytta til Essex i 1975 for å undervisa ved det som i dag heiter Colchester Institute og underviste fast der til 2005. I 2008 vart Alan Bullard utnemnt til æresdoktor ved University of Essex for arbeidet sitt innan komposisjon og musikkutdanning. I 2010 fekk han tre prisar frå Music Industries Association for utgjevingane sine det året.

Alan Bullards tonespråk er inspirert av nyare komponistar som Herbert Howells og Benjamin Britten, men også av mellomaldermusikk og renessansemusikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]