Mellomaldermusikk
| Klassisk musikk | |
| Mellomaldermusikk | (476 – 1400) |
| Renessansen | (1400 – 1600) |
| Barokken | (1600 – 1760) |
| Rokokko | (1720 – 1770) |
| Wienerklassisismen | (1730 – 1820) |
| Romantikken | (1815 – 1910) |
Musikk i mellomalderen er musikk frå perioden mellom om lag år 500 og 1400. Musikken er i stor grad anonym og er i størstedelen av perioden dominert av kyrkjeleg musikk, særskild gregoriansk song. Først ved 1300-talet vart det vanleg at komponistnamnet følgjer musikken. På omtrent same tid vart fleirstemd musikk populært og då spelar omgrepet Ars nova ei markant rolle.
Innhaldsliste |
Kunstmusikk/kyrkjemusikk [endre]
Kunstmusikk frå mellomalderen er stort sett einstydande med kyrkjemusikk, fordi det var denne musikken som vart sett på som viktig nok til å noterast ned, etter som det var både tungvint og dyrt å notere på pergament på denne tida. Det fanst derimot òg ein rik kultur av verdsleg musikk.
Framvekst av musikk-notasjon [endre]
Eit viktig trekk ved det vi tenker på som klassisk musikk, er at han er notert ned på notar. Vårt moderne notasjonssystem har sine røter i kyrkjemusikken i mellomalderen. Det vart etterkvart viktig å notere ned standardrepertoara i kyrkjemusikken, den gregorianske songen, og neumene, forløparen til moderne notasjon, vart utvikla.
Modal-epoken eller Notre Dame-epoken [endre]
I perioden 1170-1250 var Notre Dame-kyrkja i Paris eit viktig senter for komponert fleirstemmig musikk. Viktige komponistar var Leonin og Perotin. De nytta neumer, og eit rytmisk system som vert kalla modalnotasjon.
Ars antiqua [endre]
Perioden frå 1250-1300 vert kalla Ars antiqua. I denne perioden veks fleire sjangrar fram, som motett, den polyfone cantilenaen, og teknikken hoquetus. Det viktigaste var kanskje at den moderne måten å notere rytme på gradvis vart utvikla.
Ars nova [endre]
1300-talet vart skildra alt i samtida som Ars nova (Den nye kunsten). Italia opplever ein velstandsperiode, og utviklar eit rikt kulturliv. I Italia vert epoken skildra som Trecento. Den klassiske musikken byrjar til ein viss grad å lausrive seg frå kyrkja.
Italienske komponistar:
- Francesco Landini (1325-1397)
- Johannes Ciconia (1335-1411)
Franske komponistar:
- Philippe de Vitry (1291-1361)
- Guillaume de Machaut (1300-1377)
Musikkformer:
- Isorytmisk motett
- Macheaut's Messe de Nostre Dame, den første komplette gjennomkomponerte messa.
Tidslinje over komponistar i mellomalderen [endre]

Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Musikk i middelalderen» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Gads Musikhistorie