Aleister Crowley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleister Crowley
verkeleg namn Edward Alexander Crowley
Fødd 12. desember 1875, Royal Leamington Spa i Warwickshire i England
Død 1. desember 1947 (72 år), Hastings i East Sussex i England

Aleister Crowley (12. desember 18751. desember 1947), òg kjend som Frater Perdurabo og The Great Beast, var ein viktig engelsk okkultist, astrolog, mystikar og seremoniell magikar. Han starta den religiøse filosofien Thelema. Han hadde òg suksess innan forskjellige andre felt, som fjellklatring, sjakk og dikt. I rolla som grunnleggjaren av den thelemittiske filosofien, såg han på seg sjølv som ein profet som hadde fått i oppgåve å informere menneskeheita om at ho var på veg inn i det nye Horus-eonet tidleg på 1900-talet.

Han var fødd inn ein velståande familie og som ung mann vart han eit viktig medlem av den esoteriske The Hermetic Order of the Golden Dawn, etter å ha blitt ven med leiaren for ordenen, Samuel Liddell MacGregor Mathers. Han meinte så at han var blitt kontakt av sin heilage verneengel, ein skapning kalla Aiwass, medan han var i Egypt i 1904, og «mottok» ein tekst kalla Lovboka som han meinte hadde guddommeleg opphav, og kring denne teksten utvikla han den nye filosofien Thelema. Han starta sin eigen okkulte foreining, A∴A∴ og vart til slutt leiar av Ordo Templi Orientis (O.T.O.), før han grunnla eit religiøst samfunn i Cefalù kjend som Abbey of Thelema, som han leia frå 1920 til 1923. Etter å ha blitt kasta ut av Cefalù reiste han attende til Storbritannia, der han heldt fram å fremme Thelema fram til han døydde.

Crowley var òg biseksuell, eksperimenterte med narkotika og var samfunnskritikar. I mange av desse rollene var han «i opprør mot dei moralske og religiøse verdiane på denne tida», tok til ekte ei form for ryggesløyse baset på regelen om «gjer kva du vil» (Do What Thou Wilt).[1] På grunn av dette vart han godt kjend medan han levde, og vart i pressa på den tida omtalt som «den vondaste mannen i verda».

Crowley har vorte verande ein viktig person og vert rekna som ein av dei viktigaste okkultistane gjennom tidene. I 2002 vart han i ei undersøking av BBC kåra til den 73. største briten gjennom tidene. Han er referert av mange forfattarar, musikarar og filmskaparar,[2] og har òg hatt stor innverknad på mange seinare esoteriske grupper og individ, som Kenneth Anger, Jimmy Page, Kenneth Grant, Jack Parsons, Gerald Gardner, Robert Anton Wilson og til ein viss grad Austin Osman Spare.[3] Den portugisiske forfattaren Fernando Pessoa var ven med Crowley og skreiv ein del skrifter påverka av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Symonds 1997, s. vii.
  2. Kaczynski 2010, s. Acknowledgments.
  3. Sutin 2000. s. 207.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Aleister Crowley