Fernando Pessoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fernando Pessoa ([fɨɾˈnɐ̃du pɨˈsoɐ]; døypenamn Fernando António Nogueira de Seabra Pessoa; fødd 13. juni 1888 i Lisboa; død 30. november 1935 same stad) var ein portugisisk diktar, forfattar, omsetjar og litteraturkritikar som blir rekna som den største portugisiske lyrikaren etter Luís de Camões.[1] Han blir òg rekna som ein av dei viktigaste portugisiskspråklege diktarane og ein ruvande forfattar innan europeisk modernisme.[2]

Fernando Pessoa i 1914
Foto: Victoriano Braga

Liv[endre | endre wikiteksten]

Pessoa blei fødd inn i ein velståande familie. Då han var fem år gamal døydde faren av tuberkulose, året etter døydde den eitt år gamle broren. Mora gifta seg opp att då sonen var sju år; «for Pessoa kan dette [òg] ha vore å likne med eit tap.»[3] Tidleg i 1896 flytta familien til Durban i Sør-Afrika der stefaren var konsul. I denne britiske kolonien lærde Pessoa å meistre det engelske språket like bra som det portugisiske. Han las frå ung alder svært mykje litteratur og utvikla ei tidleg kjærleik til forfattarar som William Shakespeare og John Milton.[4] 17 år gamal kom Pessoa attende til Portugal for å studere litteratur ved universitetet i Lisboa. Her kom han i kontakt med ein krins unge, nyskapande forfattarar og kunstnarar og bidrog sjølv med tekstar i avantgardistiske tidsskrift. Saman med Mário de Sá-Carneiro grunnla Pessoa tidsskriftet Orpheu. Pessoa var nært knytt til Lisboa og forlet knapt byen etter at han kom attende frå Sør-Afrika. Slik Franz Kafka er Praha sin diktar og James Joyce Dublin sin, er Pessoa Lisboa sin diktar.

Pessoa levde av å arbeide som handelskorrespondent for ulike firma. Han var storrøykar, låg under for alkoholen og døydde av levercirrhose. Det siste han skreiv var den engelske setninga «I know not what tomorrow will bring…» («Eg veit ikkje kva morgondagen fører med seg…»). Frå 1985 har leivningane hans lege i den portugisiske nasjonalheilagdomen Mosteiro dos Jerónimos i Belém.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Skulptur av Fernando Pessoa sitjande ved stambordet på kafeen A Brasileira i bydelen Chiado, Lisboa

Under Pessoa sin eigen levetid blei diktinga hans berre sett pris på av nokre få vener. Sjølv fekk han ikkje sjå meir enn den vesle romanen Mensagem (1934, «Bodskap») utgjeve, men då han døydde blei det funne over 30 000 manussider[2] i ei trekiste. I tillegg til prosaen og poesien etterlet han seg dramaskisser og politiske og sosiologiske skrift. Utgjevinga kom i gang i 1943, men manuskriptsamlinga er så stor og uoversiktleg at mykje av det han skreiv framleis ikkje er redigert og publisert.

I byrjinga skreiv Pessoa dikt på engelsk og omsette engelsk lyrikk til portugisisk. Seinare fekk han inn fleire dikt på portugisisk språk i ulike tidsskrift.

I to skilde periodar mellom 1913 og 1934 skreiv han ned dagbokliknande refleksjonar på lappar og i notisbøker.[2] Hensikten var å gje ut desse notisane i bokform under namnet Livro Do Desassossego (i norsk omsetjing Uroens bok), men det tok heile 47 år etter hans død før den første utgåva kom ut i 1982. Dette blir rekna som det viktigaste prosa-arbeidet til Pessoa, i 2002 fekk boka plass i Verdsbiblioteket si liste over dei 100 viktigaste verka i litteraturhistoria.[5] Den siste utgåva inneheld 481 sjølvstendige avsnitt. Dei er tette og poetiske framstillingar med subtile observasjonar av kvardagslivet og tilværet i det heile, men i all sin intellektuelle briljans er dei heller ikkje utan ei viss tristesse og kjenslekulde.

Pessoa skreiv under ulike heteronym, dei tre viktigaste er Alberto Caeiro, Álvaro de Campos og Ricardo Reis.[1] Til skilnad frå pseudonym er heteronym ikkje berre andre namn på forfattaren, men bak kvart namn står fiktive personar med eigne biografiar, skrivestilar, temaval, motiv og filosofisk ståstad. Pessoa sin engelske omsetjar, Richard Zenith, rekna seg fram til at Pessoa nytta 72 ulike namn, og det vil aldri bli klårt kven av desse som viser til Pessoa sjølv og kven som viser til eit anna pseudonyn/heteronym.[6]

Pessoa var ven av Aleister Crowley og skreiv under påverknad av han fleire politiske og esoteriske skrift som syner Pessoa som ein radikal og antidemokratisk tenkar med sterke messianske trekk.

I dag reknar mange portugisiske litteratar Pessoa som ein farsfigur. Nobelpristakaren José Saramago si bok O Ano da Morte de Ricardo Reis (i norsk omsetjing Det året Ricardo Reis døde) handlar Ricardo Reis som kjem attende til Lisboa etter 16 år i Brasil og har samtalar med sin gamle, døde ven om samanfallande og avvikande oppfatningar om kunsten og livet, døden, kjærleiken, lagnaden og politikken.[1]

Bibliografi, omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Norsk[endre | endre wikiteksten]

Svensk[endre | endre wikiteksten]

  • Orons bok, Bokförlaget Pontes, Sverige, (1999-01). ISBN 91-86536-47-8
  • Den anarkistiska bankiren och En mycket originell middag, Bokförlaget Pontes, 1995
  • Dikter av Alberto Caeiro, Bokförlaget Pontes, 2002
  • Djävulens timme och En stoikers fostran, Bokförlaget Pontes, 2005.
  • Ode till havet och andra dikter av Alvaro de Campos, Bokförlaget Pontes, 2009. ISBN 978-91-86536-80-0

Engelsk[endre | endre wikiteksten]

  • Book Of Disquiet, Trade Paper. Serpent's Tail, UK (2002-11). ISBN 1-85242-758-2
  • Book Of Disquietude, Carcanet Press, UK (1997-01). ISBN 1-85754-301-7
  • Centenary Pessoa, Fyfield Books, UK ( 2003-09). ISBN 1-85754-724-1
  • A Centenary Pessoa, med Macedo, Helder; Carcanet P., UK (1996-05). Med Eugenio Lisboa, Octavio Paz, Bernard McGuirk, Richard Zenith; Sheep Meadow Press (1997-05). ISBN 0-85635-936-X
  • The Keeper of Sheep, Sheep Meadow Press, USA (1997-12). ISBN 1-878818-45-7
  • Quadras ao Gosta Popular / Quatrains in the Popular Style (tospråkleg), E.Mellen P.,U.S., UK (2003-11), USA (2004-01). ISBN 0-7734-6586-3
  • Sixty Portuguese Poems, Univ.Wales Press, UK (1971-01): ISBN 0-900768-73-8 och (1988-12): ISBN 0-7083-1033-8

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ángel Crespo: Fernando Pessoa: Das vervielfältigte Leben. Eine Biographie. Ammann, Zürich 1996, ISBN 3-250-10282-2.
  • Steffen Dix: Heteronymie und Neopaganismus bei Fernando Pessoa. Würzburg 2005, ISBN 3-8260-3039-7.
  • Antonio Tabucchi: Wer war Fernando Pessoa? Carl Hanser, München 1992, ISBN 3-446-16462-6.
  • Antonio Tabucchi: Die letzten drei Tage des Fernando Pessoa. Carl Hanser, München 1998, ISBN 3-446-19507-6.
  • Burghard Baltrusch: Bewusstsein und Erzählungen der Moderne im Werk Fernando Pessoas. Lang, Frankfurt 1997, ISBN 3-631-31406-X.
  • Karl-Eckhard Carius: Goethe – Pessoa. Dokumentation eines kunstpädagogischen Projekts. Escola Alemã de Lisboa, Lissabon 1992, ISBN 972-42-0541-X.
  • Wenn das Herz denken könnte. Sätze aus dem Gesamtwerk, zusammengestellt von Marie-Luise Flammersfeld und Egon Ammann. Ammann, Zürich 2006, ISBN 3-250-25001-5.
  • Martin Steinmetz: Fernando Pessoa und Gottfried Benn. Eine vergleichende Studie zur Identitätsproblematik in der Dichtung des 20. Jahrhunderts. Lang, Frankfurt 1995, ISBN 3-631-49105-0.
  • Julia Weber: Das multiple Subjekt. Randgänge ästhetischer Subjektivität bei Fernando Pessoa, Samuel Beckett und Friederike Mayröcker. Wilhelm Fink, München 2010, ISBN 978-3-7705-4889-7.
  • Winfried Kreutzer: Fernando Pessoa. I Martha Kleinhans og Klaus Stierstorfer (red.): Lektüren für das 21. Jahrhundert. Schlüsseltexte europäischer Literatur: England, Frankreich, Irland, Italien, Portugal, Russland. (Ringvorlesung an der Universität Würzburg 2000). Königshausen & Neumann, 2001, ISBN 382601944X. S. 93–118.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Giovanni Pontiero i innleiinga til Jose Saramago, The Year of the Death of Ricardo Reis, The Harvill Press, London, ISBN 9781860465024
  2. 2,0 2,1 2,2 «Ett verk höljt i mytologiskt skimmer» av Henrik Nilsson. Svenska Dagbladet 8. august 2011.
  3. Das Buch der Unruhe des Hilfsbuchhalters Bernardo Soares. Fischer Verlag, 2006, s. 557 (omsetjaren sin merknad), ref. òg s. 38
  4. kirjasto.sci.fi
  5. Dette er Verdensbiblioteket bokklubben.no
  6. Richard Zenith i innleiinga til Fernando Pessoa, The Book of Disquietude. London 1991.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Fernando Pessoa
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fernando Pessoa