Mystikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mystikk (av gr. μυστικός mystikos «som høyrer til mysteria», «løyndomsfull») er ein religiøs term for ein personleg, åndeleg relasjon til det guddommelege.

Mystikk finst i alle dei teistiske verdsreligionane jødedom, kristendom og islam. Ettersom mystikaren meiner å ha ei direkte røynsle av Gud, utanom skriftene og dei religiøse institusjonane, kjem mystikarar i blant i konflikt med dei etablerte institusjonane i sin religion.

Det er to hovudretningar i mystikken: den ekstatiske og den kontemplative. Ein kan òg skilje mellom indre mystikk og naturmystikk; den site har drag av panteisme, eller panenteisme.

Det er gjort ulike forsøk på å definere og beskrive den mystiske erfaringa, til dømes skil den svenske erkebiskopen Nathan Söderblom mellom personlegdoms- og uendelegdomsmystikk. Han meiner dermed ein varierande grad av av opplevd distanse mellom personen og det guddommelege. I blant skil ein au ut mellom anna spekulativ mystikk og praktisk mystikk.

Det er ikkje vanleg å rekne omvendinga av Paulus, som er omtalt i apostelgjerningane i det nye testamentet, som eit døme på kristen mystikk, men Albert Schweitzer ser i si bok The mysticism of Paul the Apostle (1931) hendinga som ei sentral mystisk røynsle.

Jødisk mystikk blir kalla kabbala. Islams fremste mystiske tradisjon er sufismen.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]