Aleksej Navalnyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksej Navalnyj

Aleksej Anatolievitsj Navalnyj (Russisk: Алексей Анатольевич Навальный) (fødd 4. juni 1976) er ein russisk politisk aktivist. Han er blitt kjent gjennom den russiske bloggosfæren og i massemedia på grunn av sosiale kampanjar. Han nyttar sjølv den populære LiveJournal-bloggtenesta for å skrive og organisere kampanjar. I hovudsak handlar desse kampanjane om korrupsjonen i landet og korleis politiske leiarar og statlege verksemder vanvørder dei russiske lovene. Han skriv og i vanlege russiske media som Forbes Russland.

Navalnyj vart arrestert den femte desember i 2011 og dømt til 15 dagar i fengsel.

Etter arrestasjonen er bloggen hans blitt gjort tilgjengeleg på engelsk. Omsettinga til engelsk blir gjort av aktivistar som vil ha internasjonale reaksjonar og press mot Russland og samstundes beskytte Navalnyj mot dei russiske styresmaktene.

Han vart kalla Russlands Erin Brockovich av Time magazine og vart Årets namn i Vedmostii 2009. Navalnyj var ein av leiarane under demonstrasjonane i Moskva mot parlamentsvalet i 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]