Omsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omsk
Омск
Tarskajagata i Omsk
Tarskajagata i Omsk
Tarskajagata i Omsk
Flagget til Omsk Byåpenet til Omsk
Flagget til Omsk Byvåpenet til Omsk


Plassering
Omsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Omsk oblast
Grunnlagd 1716
Geografi
Flatevidd
 - By

573 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

1 134 800
  1 980,5 /km²
Koordinatar 54°59′″N 73°22′″EKoordinatar: 54°59′″N 73°22′″E
Høgd over havet 90 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Postnummer 644xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)3812
Bilnummer 55
Nettstad: www.omsk.ru

Omsk (russisk skrift Омск) er ein by i Omsk oblast vest i Sibir i Russland. Byen ligg i låglandet vest i Sibir ved breidda av elva Irtysj, er ho renn saman med Om. Omsk vart grunnlagd i 1716. Byen har kring 1,1 millionar innbyggjarar og er den nest største byen i Russland aust for Uralfjella, 2700 km aust for Moskva. Han er er òg administrasjonsstad for Omsk oblast.

Omsk er ein viktig industristad for Russland. Byen har òg universitet, frå 1974. Omsk er eit jernbaneknutepunkt for den transsibirske jernbanen. Jernbanen har vore viktig for utviklinga til Omsk.

I Det russiske keisarriket var han sete for generalguvernøren i Vest-Sibir, og seinare for generalguvernøren på Steppene. Ein kort periode under den russiske borgarkrigen i 1918–1919 vart han erklært hovudstad i Russland og gullreservane til riket låg her.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er tørt og kontinental med særs store skilnader mellom sommar og vinter. I julier er middeltemperaturen 20 °C, medan han i januar er -19 °C, men temperaturane kan varierer frå +45 °C om sommaren til -45 °C om vinteren. I snitt er det over 300 soldagar i året og normal nedbør i løpet av eitt år er 315 mm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Taraporten

Eit trefort vart reist ved Omsk i 1716 for å verne den russiske landegrensa, som då låg her langs elvane Isjim og Irtysj. , mot dei kirgisiske nomadar på steppene. Seint på 1700-talet vart det reist eit sterkare fort i murstein på høgresida av Om. Av dette fortet står framleis Tobolsk- og Taraporten framleis, i lag med den opphavlege tysk-lutherske kyrkja, ein våpenfabrikk, eit militærfengsel og kommandanten sitt hus.

På 1800-talet og tidleg på 1900-talet vart Omsk administrativt senter i Vest-Sibir og Steppene (Kasakhstan). Det vart bygd eit par kyrkjer og katedralar for forskjellige trusretningar, moskear, ei synagoge, huset til generalguvernøren og eit militærakademi. Etter kvart som landegrensa flytta seg vidare austover vart byen militært mindre viktig og fall inn i dvale. På midten av 1800-talet levde Dostojevskij i eksil her medan han skreiv.

Byen byrja først å kome til liv ig jen då den transsibirske jernbanen kom til byen i 1890-åra. Handelsfolk flytta til byen sidan Omsk vart eit trafikknutepunkt mellom jernbanen og transport på elvane. Mange handelsselskap opna butikkar og kontor her, bygde flotte bydelar i byen og førte med seg moderne transport, kommunikasjon og underhaldning. Utanlendingar, inkludert britane, nederlendingane og tyskarane, opna konsulat og hadde handelsinteresser i byen. Høgdepunktet kom med den sibirske jordbruks- og industriutstillinga i 1910, då det vart bygd flotte bygg og fontener. Mange av desse byggverka står framleis.

Kort tid etter revolusjonen i 1917 tok dei «kvite» styrkane kontroll over byen, og han vart erklært mellombels hovudstad i Russland i 1918, leia av polfararen og den dekorerte krigshelten Aleksandr Koltsjak, med støtte frå tsjekkoslovakiske styrkar. Byen viste seg å vere nøkkelen for å ha makta i Vest-Sibir, og til slutt trekte Koltsjak, regjeringa og gullreservane seg langs den transsibirske jernbanen austover til Irkutsk. Dei «raude» bolsjevikane tok då kontroll over byen i 1919.

Sovjettida[endre | endre wikiteksten]

St. Nikolaj kosakk-kyrkja

Dei sovjetiske styresmaktene føretrekte den unge Novonikolajevsk, i dag Novosibirsk, som nytt senter for Vest-Sibir, og flytta mykje administrasjon-, kultur- og utdanningsinstitusjonar til denne byen frå Omsk. Dette hindra utvikling hos Omsk og gav opphav til ei rivalisering mellom dei to byane ein framleis ser i dag. Det var under og etter den andre verdskrigen at Omsk såg ny framgang. Mange industriar vart evakuert frå vestfronten i Russland i 1941. Etter den tyske sigeren i slaget om Moskva vart Omsk den provisoriske hovudstaden i Sovjetunionen. Dei mange militære fabrikkane i byen hadde derimot ein negativ effekt, og Omsk var ein lukka by fram til Sovjetunionen kollapsa.

Etter at det vart oppdaga olje- og naturgass i Sibir i 1950-åra vart det bygd eit oljeraffineri i Omsk, samt ein heil «by av oljearbeidarar». Byen utvida seg då nordover langs Irtysj og er i dag det største komplekset og det tredje største i Europa av denne typen. Gazprom Neft er det største selskapet i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Omsk