Alexander Ødegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander Ødegaard

Alexander Ødegaard (fødd 13. september 1980 i Førde) er ein norsk fotballspelar. Han spelar for den franske klubben Metz.

Ødegaard starta karrieren si i heimklubben Førde. Der spelte han til sommaren 1999 då han vart kjøpt opp av Sogndal. Det var her Ødegaard verkeleg fekk fart på karrieren sin. Sesongen 2004 vart det store gjennombrotet. Sogndal rykka ned denne sesongen, men Ødegaard scora 15 mål. Han fekk dermed prøve seg på landslaget og vann Kniksenprisen.

Hausten 2004 vart Ødegaard seld til Rosenborg for ti millionar kroner. Ødegaard vart ingen suksess i Rosenborg og vart seld til Viking i 2006 for sju millionar kroner, den dyraste spelaren til Viking nokonsinne. I januar 2011 drog han til den franske klubben Metz.

Alexander Ødegaard har spela på aldersbestemte landslag sidan 1996. I februar 2004 debuterte han på A-landslaget, og har (pr. desember 2004) spelt fire A-landskampar og scora eitt mål.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk