Førde kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om kommunen Førde i Sogn og Fjordane. For tettstaden Førde i Hordaland, sjå Førde i Sveio. For andre ting som heiter Førde, sjå Førde

Førde kommune
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1432
Fylke: Sogn og Fjordane
Administrasjonssenter: Førde
Flatevidd: 590 km²
Folketal: 11 650 (2008)
Målform: Nynorsk
Internettside: www.forde.kommune.no
Politikk
Ordførar: Nils Gjerland (Sp) 2007-2011

Førde er ein kommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke. Namnet Førde kjem av «fird», som tyder fjord. Førde kommune strekkjer seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen.

Tettstaden Førde har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, og utvikla seg til å bli eit senter både i kommunen og i fylket. Førde er i dag ein moderne bygdeby med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur.

Flyplassen Førde lufthamn, Bringeland ligg i nabokommunen Gaular.

Innhaldsliste

[endre] Kommunevåpenet

Førde sitt kommunevåpen er teikna av Inge Rotevatn. Motivet er tre frå ardskjer/plogjarn på raud botn. Desse skal symbolisere landbruk (primærnæringa), vekst (vekstsenter) og utvikling (region og fylkessenter).

[endre] Kommunehistorie

Frå det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837, gjennom formannskapslovene, og fram til 1896 omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune.

Prokuratoren Andreas Gunnerus Lind var den fyrste ordføraren i Førde, og sat frå 1838 til 1840. Kring 1870 vart det skipa Bondevenforeining, og dette vart det fyrste «politiske partiet» i kommunen. Bondevenforeininga var avleia av «jaabækianarane» på riksplan.

I 1965 vart kommunegrensene regulerte, og grendene frå Furevik i aust til Heilevang i vest på sørsida av fjorden frå Naustdal innlemma i Førde. Solheimsdalen og Fauske kom også med. I dag har Førde kommune grenser til Jølster ved Moskog, til SogndalJostefonn, til Gaular ved Rørvikfloten på Haukedalen og ved Langeland, til Askvoll vest for Heilevang og til Naustdal ved stranda aust for Naustdal og i øvre Angedalen.

Staten utpeikte Førde som vekstsenter i 1965, og kommunen fekk med det hjelp til etablering og utvikling av industri og kulturtilbod. I 1997 fekk byen bystatus.

[endre] Grender/tettstader

[endre] Handel

Førde er fylkessenter for utdanning, kultur og samferdsel, men byen er kanskje best kjend for å vere eit handelssentrum i Sogn og Fjordane. Byen har 4 store kjøpesenter, best kjend er kanskje Handelshuset med sine 60 butikkar. Elles har det vorte offentleg kjend at ingen annan norsk kommune har like mange frisørsalongar pr. innbyggjar som Førde. Dei seinaste åra har fleire store landsdekkande kjeder etablert seg i kommunen, der i mellom Biltema, Coop Extra og Hennes & Mauritz.

[endre] Verdt å sjå i Førde kommune

[endre] Kjende personar frå Førde

[endre] På verdsveven


Sogn og Fjordane
Sogn: Aurland | Balestrand | Gulen | Hyllestad | Høyanger | Leikanger | Luster | Lærdal | Sogndal | Solund | Vik | Årdal

Sunnfjord: Askvoll | Bremanger | Fjaler | Flora | Førde | Gaular | Jølster | Naustdal
Nordfjord: Eid | Gloppen | Hornindal | Selje | Stryn | Vågsøy  


Globus Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over geografispirer.

Personlege verktøy