Alfaf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfaf
Maqlub
fjell
Land  Irak
Topp Bartella
 - høgd 1 000 moh.
 - koordinatar 36°29′30″N 43°26′29″E / 36.49167°N 43.44139°E / 36.49167; 43.44139
Kart
Alfaf
36°29′30″N 43°26′29″E / 36.49166667°N 43.44138889°E / 36.49166667; 43.44138889

Alfaf (gammalsyrisk ܛܘܪܐ ܕܐܠܦܐܦܐ), òg kalla Maqlub (جبل مقلوب på arabisk), er eit fjell på Ninevehsletta i Nord-Irak. Fjellet ligg 30 km nordaust for Mosul og kring 15 km frå Bartella. Den største byen i fjellet er Marge, som er busett av gammalsyrisk ortodokse assyrarar.[1]

Fjellet er kjend for Mar Mattai-klosteret som ligg nær den sørlege toppen. Her finst fleire eremitasjar daterte attende til 300- og 400-talet fvt. Dei viktigaste av desse er:[1]

  • Mar Mattai-eremitasjen, der i følgje gammalsyrisk tradisjon, Sara, syster til Mar Behnam, på mirakuløst vis vart lækja for spedalskheit av Mar Mattai.
  • Bar Hebraeus-eremitasjonen var busett av Bar Hebraeus i levetida hans.
  • Spioneremitasjen på toppen av fjellet der ein gjekk vakt på skift for å åtvare innbyggjarane i klosteret om bandittar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «ar:صوامع جبل الفاف» (på arabisk). MorMattai.com. Arkivert frå originalen 21. april 2016. Henta 23. april 2018.