Assyrarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Assyrisk gutebarn kledd i tradisjonell drakt.

Assyrarar (gammalsyrisk ܣܘܪܝܝܐ) er ei folkegruppe som har opphavet sitt i Mesopotamia i antikken (seinare Assyria i same område), det vil seie dagens Irak, vestlege Iran, Syria og søraustlege Tyrkia. På grunn av krig og forfølgingar har hundretusentals assyrarar opp gjennom historia flykta eller utvandra til Kaukasus, Libanon, Syria, Europa, USA og Australia og andre stader. Dei er eit semittisktalande folk som snakkar og skriv særskilde dialektar av syrisk (austarameisk) eksklusivt for Mesopotamia og områda i nærleiken.

Som folkegruppe sporar assyrarane slekta si attende til dei gamle sumerisk-akkadiske i Mesopotamia for rundt 4000–3500 f.Kr., og i særleg til dei nordlege regionen av dei akkadiske områda og som vart kjende som Assyria ein gong rundt 2300 f.Kr. Den assyriske nasjon eksisterte som ein sjølvstendig stat og ofte som det mektigaste riket i austlege Asia frå 2300 f.Kr. og fram til slutten av 600-talet f.Kr. Assyria vart verande ei politisk eining sjølv etter at det fall saman og vart styrt som ein okkupert provins under ulike andre rike frå slutten av 600-talet f.Kr. og fram til midten av 600-talet e.Kr. då det vart oppløyst. Det assyriske folket har gradvis vorte ein minoritet i heimlandet sitt sidan den gongen.

I dag er det gamle området deira ein del av fleire nasjonar: nordlege Irak, delar av Tyrkia og nordaustlege Syria. Dei er innfødde til og har tradisjonelt levd over heile det som i dag er Irak, nordaustlege Syria, nordvestlege Iran og søraustlege Tyrkia.[1]

Tradisjonelt omfattar dei tilhengarar av kristne kyrkjer som nyttar den vest- eller austsyriske ritus og som tradisjonelt har brukt arameisk som liturgisk språk. «Assyrarar» kan i snever forstand reknast som tilhengarane av Den aust-assyriske kyrkja. Vanlegvis vert namnet brukt i ei vidare tyding, som òg omfattar tilhengarar av blant anna den kaldeisk-katolske kyrkja, den syrisk-katolske kyrkja, den syrisk-ortodokse kyrkja og Den gamle kyrkja i Austen (så lenge dei bur i eller stammar frå Midtausten).

Assyrarar snakkar ulike aust-semittiske språk som assyrisk, kaldensk og suroyo, men òg arabisk, persisk, tyrkisk eller andre språk, alt etter kva for ein stat dei bur i. Det bur i dag 3-4 millionar assyrarar i verda.[2][3] I nyaste tid har Irak-krigen fortrengt dei assyriske lokalsamfunna då folket har møtt etnisk og religiøs forfølging ved islamistar og arabisk og kurdisk nasjonalisme. Av dei rundt ein millionar eller fleire irakarar som er rapporterte av Dei sameinte nasjonane for å ha flykta frå Irak sidan okkupasjonen er bortimot 40 prosent assyrarar, men assyrarar utgjorde berre rundt tre prosent av den tidlegare irakiske folkesetnaden frå før krigen.[4][5][6] I samsvar med ein rapport frå 2013 er det rekna at det berre er 300 000 assyrarar att i Irak.[7] [8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. MacDonald, Kevin (29. juli 2004): «Socialization for Ingroup Identity among Assyrians in the United States». Avhandlig presentert ved symposium for sosialisering av slutta gruppeidentitet ved møta til International Society for Human Ethology, Gent, Belgia. Sitat: «Based on interviews with community informant sin, this paper explores socialization for ingroup identity and endogamy among Assyrians in the United States. The Assyrians descent from the population of ancient Assyria (founded in the 24th century BC), and have lived as a linguistic, political, religious, and ethnic minority in Iraq, Iran, Syria and Turkey since the fall of the Assyrian Empire in 608 BC. Practices that maintain ethnic and cultural continuity in the Near East, the United States and elsewhere include language and residential patterns, ethnically based Christian churches characterized by unique holidays and vert rita, and culturally specific practices related to life-cycle events and food preparation. The interviews probe parental attitudes and practices related to ethnic identity and encouragement of endogamy. Results are being analyzed.»
  2. UNPO estimates
  3. SIL Ethnologue: Estimate for the «ethnic population» associated with Assyrian Neo-Aramaic.
  4. «Assyrian Christians 'Most Vulnerable Population' in Iraq». The Christian Post. Arkivert frå originalen den 6. desember 2006.
  5. «Iraq's Christian community, fights for its survival». Christian World News.
  6. «U.S. Gov't Watchdog Urges Protection for Iraq's Assyrian Christians». The Christian Post.
  7. Christian Official: «The Number of Christians in Iraq Has Dropped to Three-Hundred Thousand»
  8. «Christian Oppression in Iraq - Speeches: Scottish Conservatives European Parliament». Struanstevenson.com. 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]