Gammalsyrisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gammalsyrisk (ܣܘܪܝܝܐsuryāyā) er ein dialekt av austlege mellomarameisk som ein gong vart snakka over store delar av det området i Levanten som vert kalla den fruktbare halvmånen. Etter å ha oppstått ein gong kring 100-talet evt.[1] vart klassisk gammelsyrisk eit viktig litterært språk over heile Midtausten frå 300- til 700-talet,[2] det klassiske språket i Edessa, bevart i mykje assyrisk litteratur. Gammalsyrisk er som mellomarameisk eit språk i den nordvestlege greina av den semittiske språkfamilien.

Gammalsyrisk vart bindemiddelet for syrisk ortodoks kristendom og den tilhøyrande kulturen, og spreidde seg gjennom Asia så langt som til den indiske Malabarkysten og til austlege Kina, og var uttrykksmiddelet for kommunikasjon og kulturell utbreiing for arabarar og til ein mindre grad for persarar. Som hovudsakleg eit kristent uttrykksmedium hadde gammalsyrisk ein fundamental kulturell og litterær innverknad på utviklinga av arabisk som kom til å erstatte gammalsyrisk som ein del av den islamske dominansen mot slutten av 700-talet. Gammalsyrisk har vorte verande det liturgiske språket til syrisk kristendom.

Gammalsyrisk er skrive med syrisk skrift, ei utleiing av arameisk skrift.

Spreiinga av gammalsyrisk språk i Midtausten og Asia: sjølv om gammalsyrisk var ein gong eit viktig språk i den fruktbare halvmånen, er det i dag avgrensa til mindre område som Ninevesletta, Tur Abdin, Qamishli og rundt den syriske byen Ma'loula.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Gammalsyrisk vert skrive med tre nærskylde alfabet: Estrangela, serto og nestoriansk. Her er ei oversikt over estrangela. Bokstavane tar forskjellige former etter posisjonen dei har i eit ord. Dei kan stå isolert, først, midt i eller sist i et ord. Nokre bokstavar vert ikkje knytt vidare i ordet, og formene midt i og sist i ord blir dermed like. Gammalsyrisk vert lese frå høgre mot venstre.

Lydverdi Isolert Sist, midt i, først
ʔ ܐ ܐ ـܐ ـܐ
b, ḇ ܒ ܒـ ـܒـ ـܒ
g, ḡ ܓ ܓـ ـܓـ ـܓ
d, ḏ ܕ ܕ ـܕ ـܕ
h ܗ ܗ ـܗ ـܗ
w ܘ ܘ ـܘ ـܘ
z ܙ ܙ ـܙ ـܙ
ܚ ܚـ ـܚـ ـܚ
ܛ ܛـ ـܛـ ـܛ
y ܝ ܝـ ـܝـ ـܝ
k, ḵ ܟ ܟـ ـܟـ ـܟ
l ܠ ܠـ ـܠـ ـܠ
m ܡ ܡـ ـܡـ ـܡ
n ܢ ܢـ ـܢـ ـܢ
s ܣ ܣـ ـܣـ ـܣ
ʕ ܥ ܥـ ـܥـ ـܥ
p, p̄ ܦ ܦـ ـܦـ ـܦ
ܨ ܨ ـܨ ـܨ
q ܩ ܩـ ـܩـ ـܩ
r ܪ ܪ ـܪ ـܪ
š ܫ ܫـ ـܫـ ـܫ
t, ṯ ܬ ܬ ـܬ ـܬ


Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Verb[endre | endre wikiteksten]

Verb er bygd opp av røter på tre eller fire konsonantar og mønster. Dei seks vanlegaste mønstera i gammalsyrisk er Peal (grunnform), Ethpeel (refleksiv-passiv), Pael (intensiv), Ethpaal (intensiv, refleksiv-passiv), Aphel (kausativ) og Ettaphal (kausativ, refleksiv-passiv).

Konjugasjonar[endre | endre wikiteksten]

Gammalsyriske verb vert bøygd i tre personar (1., 2., 3.), to tal (eintal/sg, fleirtal/pl), og to kjønn (maskulin, feminin).

√qrs “to become dried up” a-o

Peal

Ethpeel

Suffikskonjugasjon

Prefikskonjugasjon

Suffikskonjugasjon

Prefikskonjugasjon

Sg

3

m

ܩܪܣ

qras

ܢܩܪܘܣ

neqros

ܐܬܩܩܣ

eṯqres

ܢܬܩܩܣ

neṯqres



f

ܩܪܣܬ

qersaṯ

ܬܩܪܘܣ

teqros

ܐܬܩܩܣܬ

eṯqarsaṯ

ܬܬܩܩܣ

teṯqres


2

m

ܩܪܣܬ

qrast

ܬܩܪܘܣ

teqros

ܐܬܩܩܣܬ

eṯqrest

ܬܬܩܩܣ

teṯqres



f

ܩܪܣܬܝ

qrast

ܬܩܪܣܝܢ

teqrsin

ܐܬܩܩܣܬܝ

eṯqrest

ܬܬܩܩܣܝܢ

teṯqarsin


1

c

ܩܪܣܬ

qerseṯ

ܬܩܪܘܣ

ᵓeqros

ܐܬܩܩܣܬ

eṯqarseṯ

ܐܬܩܩܣ

ᵓeṯqres

Ps

3

m

ܩܪܣܘ

qras

ܢܩܪܣܘܢ

neqrsun

ܐܬܩܩܣܘ

eṯqres

ܢܬܩܩܣܘܢ

neṯqarsun



f

ܩܪܣ

qras

ܢܩܪܣܢ

neqrsān

ܐܬܩܩܣ

eṯqres

ܢܬܩܩܣܢ

neṯqarsān


2

m

ܩܪܣܬܘܢ

qraston

ܬܩܪܣܘܢ

teqrsun

ܐܬܩܩܣܬܘܢ

eṯqreston

ܬܬܩܩܣܘܢ

teṯqarsun



f

ܩܪܣܬܝܢ

qrastēn

ܬܩܪܣܢ

teqrsān

ܐܬܩܩܣܬܝܢ

eṯqrestēn

ܬܬܩܩܣܢ

teṯqarsān


1

c

ܩܪܣܢ

qrasn

ܢܩܪܘܣ

neqros

ܐܬܩܩܣܢ

eṯqresn

ܢܬܩܩܣܢ

neṯqres

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ancient Scripts: Syriac»
  2. Beyer, Klaus; John F. Healey (overs.) (1986): The Aramaic Language: its distribution and subdivisions. Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht. ISBN 3-525-53573-2. ss. 44.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gammalsyrisk