Algutsrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°40′51″N 16°31′49″E

Algutsrum kyrkje

Algutsrum er ein svensk tettstad i Mörbylånga kommun i Kalmar länÖland. I 2005 hadde tettstaden 499 innbyggjarar.

Algutsrum ligg nær Färjestaden og Ölandsbrua. Algutsrum kyrkje er frå 1822, men delar av kyrkja er frå 1100-talet, frå kyrkjetårnet har ein god utsikt over Öland.

Nær Algutsrum er ei 150 meter høg mast for TV og radio, som er lett synleg både frå brua og fastlandet. Algutsrum har eit tradisjonsrikt marknad som blir det arrangert kvart år siste fredag i juni og første fredag i oktober. marknaden har blitt halden sidan 1700-talet, men medan marknadsvarene før var tradisjonelle landsens produkt så er det no forbruksvarer som dominerer.

Rett utanfor tettstaden ligg naturreservatet Jordtorpsåsen som er vakkert og vel vitja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]