Alkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For pianovirtuosen og komponisten Alkan, sjå Charles-Valentin Alkan.

Alkan er nemninga på hydrokarbon som er bygd opp av karbon og hydrogen og der det berre er enkeltbindingar mellom desse atoma.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Alkan er ikkje løyselege i vatn. Kva eigenskapar alkana har, avgjerast av lengda på molekylkjedeene. Di lenger karbonkjeda er, di høgare er kokepunktet, og her ligg òg skilnaden på kva form alkana har ved romtemperatur (20 °C):

Nemning og struktur[endre | endre wikiteksten]

Alle alkan har endinga an. Alkan har ei lenkjeform med to endar, men finst òg somsykloalkan som har ein ringstruktur. Desse kan vera med eller utan sidegreiner (sjå alkan med sidegreiner nedanfor).

Alkan utan sidegreiner[endre | endre wikiteksten]

Eit alkan utgjerast av ei kjede karbonmolekyl der karbonatoma har enkeltbindingar til kvarandre og til maksimalt tal hydrogenatom. Alkan med fire eller færre karbonatom (metan, etan, propan og butan) har usystematiske hevdnamn, medan ein frå fem karbonatom og oppover følgjer gresk teljeform ut frå talet på karbonatom i kjeda (pentan, heksan, heptan, oktan, osb.).

Substituerte alkan[endre | endre wikiteksten]

Alkan kan òg ha sidegreiner, såkalla substituentar. Dersom slike substituentar berre har karbon- og hydrogenatom, kallast dei for alkylgrupper. Alkan kan óg ha halogen som substituentar. Alkyl får namn etter talet på karbonatom, med endinga -yl. Hovudkjeda nummererast slik at første substituentgruppe får lågast mogleg nummer. Dei lokaliserast deretter ut frå namnet deira og kva karbonatom dei er festa til.

Ved fleire identiske grupper brukast prefiks (di-, tri-, osb.). Om to eller fleire substituentar er til stades, nemnast dei i alfabetisk rekkefølgje og eventuelle prefiks blir då sett bort i frå. Dersom substituenten er eit halogen nyttast halogenet sitt namn framfor alkannamnet.

Om det både er alkyl- og halogensubstituentar til stades, såkalla halogenert alkan. Då settast namnet på halogenet attom namnet på alkylgruppa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


 

Alkan

metan
CH4

|
 

etan
C2H6

|
 

propan
C3H8

|
 

butan
C4H10

|
 

pentan
C5H12

|
 

heksan
C6H14

heptan
C7H16

|
 

oktan
C8H18

|
 

nonan
C9H20

|
 

dekan
C10H22

|
 

undekan
C11H24

|
 

dodekan
C12H26

 

tridekan
C13H28

|
 

tetradekan
C14H30

|
 

pentadekan
C15H32

|
 

heksadekan
C16H34

|
 

heptadekan
C17H36

|
 

oktadekan
C18H38

 

nonadecane
C19H40

|
 

eicosan
C20H42

|
 

heneicosan
C21H44

|
 

docosan
C22H46

|
 

tricosan
C23H48

|
 

tetracosan
C24H50

 

pentacosan
C25H52

|
 

heksacosan
C26H54

|
 

heptacosan
C27H56

|
 

oktacosan
C28H58

|
 

nonacosan
C29H60

|
 

triacontan
C30H62

 

hentriacontan
C31H64

|
 

dotriacontan
C32H66

|
 

tritriacontan
C33H68

|
 

tetratriacontan
C34H70

|
 

pentatriacontan
C35H72

|
 

heksatriacontan
C36H74

 

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.