Kokepunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kokepunktet er temperaturen som får ei væske til å gå over til gass. Kokepunktet er avhengig av dei kjemiske bindingane i stoffet. Enkle molekyl har ofte låge kokepunkt medan mange metall og salt har høge kokepunkt. Hydrogenbindingar kan òg auka kokepunktet, noko som gjer at vatn er ei væske ved romtemperatur.

Trykk og oppløyst stoff er andre ting som kan påverka kokepunktet.

Væske kan òg gå over til gass ved fordamping, men dette skjer ved overflata. Ved koking skjer overgangen overalt i væska.

Stoff Kokepunkt (ºC)
Karbondioksid -78,5
Svoveldioksid -10,02
Dietyleter 34,5
Etanol (alkohol) 78,5
Reint vatn 100
Havvatn 104
Svovelsyre 279,6
Linolje 316
Kvikksølv 356,6
Svovel 445
Jarn 2880

Kjelder[endre | endre wikiteksten]