Allativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Allativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til allativ er bort til. Allativ finst i finsk og i andre austersjøfinske språk. Eit døme frå finsk er Lautta vie autot saarelle, «Ferja tar bilane til øya», saari «øy»). Allativ blir i finsk også brukt i konstruksjonar som tilsvarer indirekte objekt i indoeuropeiske språk, som i finsk Mies antoi lehtimyyjälle rahaa, «Mannen gav avisseljaren pengar».