Alonzo Church

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alonzo Church (14. juni 190311. august 1995) var ein amerikansk matematikar og logikar.

Han var professor i matematikk ved Princeton-universitetet frå 1929 til 1967, og frå 1967 var han professor i matematikk og filosofi ved University of California i Los Angeles. Han var ein av grunnleggjarane og utgjevarane av Journal of Symbolic Logic, det mest framståande tidsskriftet for moderne logikk. Arbeida til Church var viktigast innan matematisk logikk, rekursjonsteori og teoretisk informasjonsvitskap.

Testen til Church er at alle effektivt funksjonar som kan utreknast er rekursive. Testen er allment akseptert og har vore viktig for forståinga av moderne logikk, men tesen kan ikkje bevisast. Om han er falsk, kan han derimot forkastast.

Innan språkfilosofien har Church gjennom fleire arbeid utvikla ein innflytnadsrik meiningsteoretisk logikk som følgjer på ansatsar hos Gottlob Frege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]