Alpe d'Huez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alpe d'Huez
Mållinja i Tour de France
Mållinja i Tour de France
Høgd over havet 2 085 m
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Alpane
Koordinatar 45°03′N 6°02′EKoordinatar: 45°03′N 6°02′E

Alpe d'Huez er eit fjell sentralt i Dei franske Alpane. Det ligg i kommunen Huez i departementet Isère. Alpe d'Huez er ein vidkjend skistad i ei høgd på 1 850 meter, og ein av dei mest vidkjende fjelltoppane som har vorte nytta i Tour de France.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Klatreetappar med Alpe d'Huez har vore med nesten kvart år sidan 1976, og første gong det var målgong her på ein etappe i Tour de France var i 1952. Ruta opp Alpe d'Huez er 13,8 km lang med ei gjennomsnittleg stiging på 8,1 % og 21 hårnålssvingar. Etappen er særs populær og trekkjer til seg svært mange tilskodarar. I 2004 var det nær ein million tilskodarar her. Denne etappen vart vunne av Lance Armstrong. Marco Pantani har rekordtida opp Alpe d'Huez i Tour de France med 37 minutt og 35 sekund frå 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]