Isère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå elva Isère.
Isère
Våpenskjoldet til Isère
Plassering
Plasseringa til Isère i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 38
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Grenoble
Sous-préfectures: La Tour-du-Pin
Vienne
Arrondissement: 3
Kantonar: 58
Kommunar: 533
Statistikk
Folketal Rangering 16.
 -1999 1 094 006
Folketettleik: 147/km²
Landareal¹: 7 431 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Isère (frankoprovensalsk Isera, oksitansk Isèra) er eit departement sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isère er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Dauphiné. Området har vorte redusert to gonger, i 1852 og i 1967.

Isère var òg namnet på det franske skipet som leverte dei 214 boksane som innehald Fridomsgudinna.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Rhône, Ain, Savoie, Hautes-Alpes, Drôme, Ardèche og Loire.

Isère inneheld delar av Dei franske Alpane. Det høgaste punktet er toppen La Meije på 3 987 meter. Massif du Vercors dominerer vestlege delar av departementet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Isérois.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Grande Chartreuse er hovudklosteret i karteusarordenen. Det ligg 22 km nord for Grenoble.

Så tidleg som på 1200-talet snakka innbyggjarane i nordlege og sentrale delar av departementet ein dialekt av frankoprovensalsk kalla dauphinois. Dette vart framleis tala i landlege område på 1900-talet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Isère har mange skistader, som Alpe d'Huez og Les Deux Alpes. Det er òg vertskap for ein årleg festival flysport som paragliding og hanggliding.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Isère produserer følgjande ostetypar: Bleu du Vercours-Sassenage, ein Appellation d'Origine Contrôlée-ost og Saint-Marcellin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Isère