Altamura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altamura
Altamura-katedralen
Altamura-katedralen
Byvåpenet til Altamura
Byvåpenet til Altamura


Plassering
Altamura is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Bari
Borgarmeister
Geografi
Flatevidd
 - By

427 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

67 903
  159.0/km²
Koordinatar 40°49′″N 16°33′″EKoordinatar: 40°49′″N 16°33′″E
Høgd over havet 450 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 70022
Telefon-retningsnummer 080
Nettstad: www.comune.altamura.ba.it

Altamura er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 45 km sørvest for Bari, nær grensa til Basilicata.

Byen er kjend for dei gode brøda som vert bakt her og seld i mange italienske byar.

Den 400 000 år gamle forkalka Alatmuramannen vart oppdaga i ei nærliggande kalksteinsgrotte kalla grotta di Lamalunga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Altamura var tett busett i bronsealderen.

Den antikke byen heitte Altilia, frå Alter Ilium, «den andre Troja». I følgje segna vart han grunnlagd av ein ven av Aeneas, Antellus, som òg rømde frå Troja som vart øydelagd av grekarane. Ei anna segn hevdar det er Althea, dronninga av myrmidonarane, som grunnla byen.

Mellom 500- og 200-talet fvt. vart reist massive murar. Det neste hundreåret vart derimot byen mindre viktig, men fekk noko av statusen sin att då keisar Fredrik II grunnla byen på ny og gav ordre om å byggje den store Altamura-katedralen i 1232, ein av dei flottaste heilagdomane i Puglia. I 1248, etter press frå Fredrik, gjorde pave Innocent IV Altamura fritatt frå bispedømet Bari, og gjorde han til ei «palasskyrkje».

Altamura vart styrt av fleire føydale familiar, inkludert Orsini del Balzo og Farnese (1538-1734). Farnese bygde mange palass og kyrkjer. I 1748 fekk Karl VII av Napoli bygd eit universitet i byen.

I 1799 gjorde byen opprør mot Bourbon-styret,m en det vart undertrykt etter to dagar og byen vart plyndra av troppane til Fabrizio Ruffo. Under Risorgimento (1800-talet) vart Altamura sete for opprørskommiteen i Bari og etter samlinga vart han provinshovudstad i Puglia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]