Alutiiq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alutiiq/sugpiaq
Klassifisering: eskimoisk-aleutisk
 eskimoisk
  yupik-språk
   alutiiq
Bruk
Tala i: Alaska (USA)
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3: ems

Alutiiq, eller sugpiaq, er eit sørleg yupik-språk som blir snakka i området frå Alaska-halvøya til Prins Williams sund, og på Kodial-øya. Det er ca. 3000 alutiiqar, ca. 400 av dei snakkar framleis alutiiq, og desse høyrer til mellomgenerasjonen og den eldre generasjonen. Alutiiq er med andre ord eit utryddingstruga språk.

Folket sjølv kallar seg sugpiaq, av suk «person» og tilhengaren -piaq «verkeleg». Namnet alutiiq kjem frå ei russisk form av «aleutiske», russarane kalla alle som budde i området frå Attu til Kodial for aleutar.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Alutiiq har to dialektar, koniag og chugach.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjort ein del arbeid på alutiiq av russiske munkar før 1807, men dette arbeidet er ikkje bevart. Moderne arbeid om alutiiq er Irene Reed sitt arbeid frå byrjinga av 1960-talet og Jeff Leer sitt arbeid frå og med 1973.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.