Iñupiaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
iñupiaq
(iñupiaq)
Klassifisering: eskimoisk-aleutisk
 inuit
  iñupiaq
Bruk
Tala i: USA (Alaska)
Område: Nordre Nord-Amerika
Rangering: Ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem: det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: ik
ISO 639-2: ipk
ISO 639-3: ipk

Iñupiaq eller inupiak er ei gruppe av dialektar av inuitt-språka som blir snakka i dei nordlege og nordvestre delane av Alaska. Til saman blir desse dialektane snakka av omtrent 10000 menneske.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Iñupiaq kan delast inn i fem dialektar, som til saman utgjer tre hovudgrupper.

  • Den nordlege gruppa:
    • 1. North slope iñupiaq
    • 2. Malimiut-dialekten
  • Området rundt Anatuvuk-passet:
    • 3. Nunamiu-dialekten
  • Dialektane rundt Seward-halvøya

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Iñupiaq skil seg lite frå dei andre inuit-språka. Det har tre vokalar, i, u, a, og det er eit agglutinerande språk.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Iñupiaq er eit ergativt språk, det vil seie at objektet til eit transitivt verb står i same kasus som subjektet til eit intransitivt verb (kasus absolutiv). Til saman har iñupiaq fem kaus: Absolutiv, relativ, terminativ, lokativ og ablativ.

Substantiv står i eitt av tre numerus, singularis, dualis og pluralis. Dei kan også uttrykke person eller tal for possessor, tre personar og tre tal. I tillegg til grunnforma får kvar kasus-numeruskombinasjon dermed ni former, dvs. eit grunnleggjande substantivparadigme består av 150 ordformer.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Iñupiaq blir skrive med det latinske alfabetet. Rettskrivinga vart utarbeidd av Roy Ahmaogak, ein inupiaq frå Barrow, i lag med den amerikanske lingvisten Eugene Nida. I tillegg til det engelske alfabetet bruker iñupiaq bokstavane ġ ḷ ł ł̣ ñ ŋ.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • MacLean, Edna Ahgeak 1986: North Slope Iñupiaq grammar : first year. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, College of Liberal Arts, University of Alaska
  • Kaplan, Lawrence D. 1981: Phonological issues in North Alaskan Inupiaq. Fairbanks, Alaska : Alaska Native Language Center, University of Alaska Fairbanks

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • MacLean 1986
  • Engelsk wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaiñupiaq