Amersfoort
| Amersfoort | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
| Styresmakter | |||||
| Land Provinsar |
Utrecht |
||||
| Borgarmeister | Albertine van Vliet-Kuiper | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
63,78 km² 62,88 km² 0,9 km² |
||||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
140 863 2 240/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.amersfoort.nl | |||||
Amersfoort er ein kommune og by i Nederland i provinsen Utrecht. Med om lag 140 000 innbyggjarar er han den nest største kommunen i provinsen.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Det er funne busetnader rundt Amersfoort som går tilbake til rundt 1000 f.Kr., men namnet Amersfoort (kall opp etter ein vadestad over elva Amer, som i dag heiter Eem) dukka først opp på 1000-talet. Han fekk byrettar i 1259 av biskopen av Utrecht Hendrik van Vianden. Det vart bygd bymurar rundt år 1300, men byen voks raskt og alt i 1380 måtte bymurane utvidast, og desse stod ferdig rundt 1450. Porten Koppelpoort er ein del av denne muren.
Onze-Lieve-Vrouwentoren (Vår Frue sitt tårn) er eit av dei høgaste kyrkjetårna i Nederland med ei høgd på 98 meter. Bygginga av tårnet og kyrkja byrja i 1444. Kyrkja vart øydelagd i ein eksplosjon i 1787, men tårnet overlevde.
Den indre byen av Amersfoort har vorte godt bevart sidan mellomalderen, og bortsett frå Onze-Lieve-Vrouwetoren er dei største attraksjonane kyrkja Sint-Joris, Koppelpoort og Muurhuizen (Murhusa), som vart bygd langs den eldste bymuren.
I mellomalderen var Amersfoort eit viktig senter for tekstilindustri og det var mange bryggeri i byen. På 1700-talet blømde byen på grunn av dyrking av tobakk.
Under den andre verdskrigen låg det ein konsentrasjonsleir nær byen Amersfoort.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Amersfoort» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2008.