Provinsen Utrecht
| Provincie Utrecht Provinsen Utrecht |
|||||
|
|||||
| Hovudstad | Leeuwarden | ||||
| Dronninga sin kommissær | Boele Staal | ||||
| Religion (1999) | protestant 27% romersk-katolsk 20% |
||||
| Areal • Land • Vatn |
1 386 km² (12.) 63 km² |
||||
| Folketal (2006) • Totalt • Folketettleik |
1 180 039 (5.) 851/km² (3.) |
||||
| Hymne | «Langs de Vecht en d'oude Rijnstroom» | ||||
| Offisiell nettstad | www.provincie-utrecht.nl | ||||
Utrecht er ein provins i Nederland og ut frå areal den minste i landet. Han ligg midt i landet og grensar til Eemmeer i nord, Gelderland i aust, elva Rhinen i sør, Zuid-Holland i vest og Noord-Holland i nordvest. Byen Utrecht er administrasjonsstad og av andre store byar finn ein Amersfoort og Zeist.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
I mellomalderen vart det meste av området og landet rundt styrt av erkebiskopen av Utrecht. Bispedømet vart grunnlagd i 722 av Willibrord. Det har vore mange krigar mellom Utrecht og grevskapa og hertugdøma rundt, som Holland, Gelderland og Brabant. I 1527 selde biskopen områda til keisar Karl V, som alt eigde dei andre nederlandske provinsane. Habsburgstyret varte ikkje lenge og Utrecht vart med i opprøret mot son til Karl V, Filip II av Spania som ein del av Dei sameinte Nederlanda.
Byane Oudewater, Woerden og Vianen vart overført til provinsen Zuid-Holland, sistnemnde i 2002.
Geografi [endre]
Aust i Utrecht ligg Utrechtse Heuvelrug, ei rekkje moreneåsar. Sidan jordsmonnet i provinsen var relativt næringsfattig var området tidlegare dekka av lyngheier. Dei sørlege delane av provinsen er eit elvelandskap, medan dei vestlege områda stort sett er enger.
Kommunar [endre]
- Abcoude
- Amersfoort
- Baarn
- Breukelen
- Bunnik
- Bunschoten
- De Bilt
- De Ronde Venen
- Eemnes
- Houten
- IJsselstein
- Leusden
- Loenen
- Lopik
- Maarssen
- Montfoort
- Nieuwegein
- Oudewater
- Renswoude
- Rhenen
- Soest
- Utrecht
- Utrechtse Heuvelrug
- Veenendaal
- Vianen
- Wijk bij Duurstede
- Woerden
- Woudenberg
- Zeist
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Utrecht (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.
|
|
|
|---|---|
| Drenthe · Flevoland · Friesland · Gelderland · Groningen · Limburg · Noord-Brabant · Noord-Holland · Overijssel · Zuid-Holland · Utrecht · Zeeland |