Amfetamin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amfetamin er ei væske. Det vert ofte omdanna til amfetaminsulfat, som er eit fast stoff. Amfetamin nyttast i behandling av ADHD med veldig gode resultat.
Stoffet er eit alkaloid som første gong vart syntetisert i 1887.
Amfetamin frigjev noradrenalin og dopamin i nervevev.
Kortsiktige effektar av bruk kan vera auka konsentrasjon, senka apetitt, auka sexlyst, auka fysisk energi, nedsatt hyperaktivitet hos folk med ADHD, auka kroppstemperatur, auka puls og hovudverk.
Langsiktige effektar kan vera rystelsar, endra sovevanar, svekka immunforsvar, impotens, hjarteproblem og fallande nyre/lungefunksjon.