Amy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den engelske flygaren Amy Johnson i 1938.

Amy (uttalt /eimi/) er eit kvinnenamn, ei engelsk-amerikansk form av det franske namnet Aimée, som tyder 'elska, kjær' – jamfør latin amata, 'elska'.

Skodespelaren Amy Adams blei fødd på ei tid då mange amerikanske jenter fekk namnet «Amy».

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet Amy har tradisjonelt vore mykje brukt i USA, særleg ved midten av 1900-talet. Det hadde ein topp i 1975, då oppimot 2,1 % av nyfødde jenter fekk namnet. Det har også vore populært i fleire andre land, og var i 2011 det 14. mest brukte namnet i Irland og Skottland og det 27. mest brukte i Nederland.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Namnet kom i bruk i Noreg på 1800-talet, registrert brukt på ein treåring i Vestre Aker i folketeljinga for 1865.

  • I folketeljinga frå 1900 var 23 personar listeført med namnet Amy.
  • I 2011 hadde 326 norske kvinner Amy til første fornamn.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]