Amy Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amy Diamond på kulturnatta i Umeå i 2011.

Amy Linnéa Deasismont, kjend som Amy Diamond (fødd 15. april 1992) er ei svensk-britisk songarinne, skodespelarinne og programleiar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Amy Diamond skriv autografar i Kalmar i 2005.

Amy Deasismont vart fødd i Sverige, men flytte med foreldra til England i barneåra. Engelsk vart difor det fyrste språket ho lærte, men ho flytte tilbake til Jönköping i Sverige som fireåring. Frå seks års alder dreiv ho med kunstløp, og ho gjekk også på danse- og teaterskule. Sommaren 1999 deltok ho i fjernsynstalentiaden Småstjärnorna, og framførte Heaven Is a Place on Earth utkledd som Belinda Carlisle. Ho enda på 3. plass i tevlinga.

I 2005 slo Amy Diamond gjennom som songar med singelen «What's In It For Me», som vart ei landeplage i Skandinavia og Baltikum. I Polen var songen den mest spelte på radio den sommaren. Singelen var med på debutplata hennar, This Is Me Now som kom ut i mai, og songane «Welcome to the City», «Shooting Star» og «Champion» var også gjeve ut på singel. Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors var «Champion» den offisielle VM-låta til det svenske laget. I 2005 vann ho tre musikkprisar, og ho var nominert til fleire, t.d. Grammis, der ho var den yngste artisten som vart nominert nokonsinne.

Amy Diamond har så langt vore ein aktiv artist. Allereie året etter gav ho ut neste plate, Still Me, Still Now. Frå dette albumet vart singelen «Don't Cry Your Heart Out» ganske populær, både i Sverige og Noreg. Fram til 2010 har ho gjeve ut minst eitt album i året. I 2006 vart ho kåra til Årets turnédronning av Aftonbladet, og tidsskriftet Tove kåra henne til Årets artist 2006. 2 gonger har ho delteke i svenske Melodifestivalen; i 2008 med låta «Thank You» og i 2009 med «It's My Life». Av dei to var «Thank You» den som fekk høgast plassering med ein 8. plass i hovudfinalen. I 2010 lanserte ho samleplata Greatest Hits, berre 18 år gamal.

Som skodespelar har ho hatt roller i nokre svenske fjernsynsseriar. I desember 2009 fekk ho rolla som Alice i musikalen Alice i UnderlandetMaximteatern i Stockholm. I januar 2011 vart ho programleiar for hundeprogrammet BulldoggSVT B. Amy er i dag utdanna frisør.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2005: This Is Me Now
  • 2006: Still Me, Still Now
  • 2007: Music in Motion
  • 2008: Music in Motion - Gold Edition
  • 2008: En helt ny jul
  • 2009: Swings and Roundabouts
  • 2010: Greatest Hits

Kjelde[endre | endre wikiteksten]