Amy Winehouse
| Amy Winehouse | |
Amy Winehouse |
|
| Opphav | England |
| Fødd | 14. september 1983 |
| Død | 23. juli 2011 (27 år) |
| Sjanger | Soul, Jazz, Rythm & blues |
| Aktive år | 2003-2011 |
| Nettside | http://www.amywinehouse.co.uk/ |
Amy Jade Winehouse, (fødd 14. september 1983 i Southgate i Enfield i London, død 23. juli 2011 Camden i London) var ei britisk soul-, jazz- og rythm & blues-songarinne og låtskrivar. Ho debuterte med albumet «Frank» som selde til platina i 2003, og slo gjennom med hitlåta «Rehab» rundt juletider 2006. Ho gav ut to album; Frank og Back to Black. På Grammygallaen 2008 fekk ho 5 grammyprisar og er dermed den første kvinna frå Storbritannia som har vunne 5 grammyprisar på éin kveld[1].
Amy Winehouse levde eit turbulent liv. Ho vart utvist frå Sylvia Youngs teaterskole for born og unge då ho var 16 år, ho vart innlagt på avvenningsklinikk for narkotikamisbruk mange gonger, og ho måtte avlyse mange konsertar på kort varsel, blant anna på Øyafestivalen sommaren 2006.[2]
Amy Winehouse døydde 23. juli 2011 i London, 27 år gammal, og føyer seg inn i fenomenet som rockehistorikarane kallar 27 Club. Det vil seia store musikarstjerner som døydde 27 år gamle, t.d. Jimi Hendrix, Janis Joplin, Kurt Cobain og Jim Morrison.
[endre] Studioalbum
- 2003 - Frank
- 2006 - Back to Black
[endre] Singlar
- 2003 - Stronger Than Me
- 2003 - Take The Box
- 2004 - In My Bed/You Sent Me Flying
- 2004 - Pumps/Help Yourself
- 2006 - Rehab
- 2006 - You Know I'm No Good
- 2007 - Back To Black
- 2007 - Tears Dry On Their Own