An-Nuway'imah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
an-Nuway'imah
النويعمه, an-Nuwei'ma, al-Nuwayimah
kommune
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jeriko guvernement
Koordinatar 31°53′29.41″N 35°26′09.66″E / 31.8915028°N 35.4360167°E / 31.8915028; 35.4360167
Areal 52,6 km²
Folketal 1 170  (2006)
Folketettleik 22 / km²
Kart
An-Nuway'imah
31°53′29″N 35°26′10″E / 31.891502777778°N 35.436016666667°E / 31.891502777778; 35.436016666667
Wikimedia Commons: An-Nuway'imah

al-Nuway'imah (arabisk النويعمه) er ein palestinsk landsby i Jeriko guvernement aust på Vestbreidda, fem kilometer nord for Jeriko. Han ligg under havnivå, sentralt i Jordandalen. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 1 170 i 2006.[1]

An-Nuway'imah er ein av få landsbyar i Jordandalen som har tilgang til kjeldevatn. Den nærliggande kjelda er viktig for landsbyen, som er avhengig av jordbruk. Dei viktigaste avlingane er bananar og grønsaker.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]