Banan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delvis skrelt, heil og langsdelt banan.
Bananklase på eit tre

Banan er ei avlang frukt som opphavleg kjem frå Søraust-Asia. Banantreet er ein gamal kulturplante, og vert i dag dyrka i det tropiske beltet langs ekvator både i Amerika, Asia og Afrika. Det finst ulike typar bananplantar som alle høyrer til familien Musa.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Botanisk er bananen eit bær, men i Noreg vert ho sett på og brukt som frukt. Etter jødisk halakhá (religiøs lov) blir bananen rekna som grønsak av di bananpalmen berre set frukt éin gong.

Banansortar[endre | endre wikiteksten]

Blome på Musa acuminata.

Plantane Musa acuminata og hybriden Musa x paradisiaca er dei som gjev bananer som blir eksportert frå dyrkingsområda til mellom anna Noreg.

Den fruktbananen som vert seld i mest alle fruktdiskar i Noreg, er Cavendish-banan. Han er stor og gul og inneheld om lag 110 kcal. Den viktigaste grunnen til at han er den mest populære importbananen, er at han er svært motstandsdyktig mot sjukdomar. Dette er ein mutert banan som ikkje har frø — han kan berre formeira seg ved rotskot.

Ein indisk apekatt et ein minibanan.

Kokebanan vert òg kalla for mjølbanan. Han kjem frå Sør-Amerika, Afrika og India og er nærast som basisføde å rekna i desse områda. Det einaste som kan minna om ein vanleg banan er namnet og fasongen.

Minibanan vert òg kalla eplebanan og er mykje mindre enn vanlege bananar — vanlegvis ca 7-10 cm lang, men like tjukk som ein vanleg banan.

Raud banan er ein relativt ny sort fruktbanan. Han er noko mindre enn vanleg banan. Denne mognast også naturleg under distribusjon. Skalet er litt tunnare enn på vanleg banan, raud-grønt før bananen vert heilt mogen, og går over til brun-raudt etter kvart som han vert mogen.

Bruk av banan[endre | endre wikiteksten]

Indonesiske bananchips.
Foto: Sakurai Midori
Banan som offerfrukt i Myanmar.

I Noreg et ein som regel banan enkelt som ei frukt, oppskoren i dessertar som banana split, frukostblandingar eller som pålegg, men utan å behandla henne meir.

I land der ein dyrkar banan er bruken vidare. Ein lagar mellom anna bananchips og bruker kokebananen i fleire matretter. Frukta kan mosast for å laga syltetøy eller blandast i milkshake eller jus frå andre frukter. Det finst òg bananketchup, syltebanan, bananeddik, bananvin og -øl og ymse andre banandrykker.

Ein kan også bruka bananblomen i matlaging. I Søraust-Asia blir han brukt både rå og kokt i supper og karrirettar. Den mjuke kjernen inni bananstammen blir òg brukt, særleg i burmesisk matlaging. Av mjølbanan vert det dessutan sjølvsagt laga mjøl.

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange hundre sortar banan, men dei kan delast inn i to grunnsortar: vanleg fruktbanan og kokebanan. Bananar inneheld fiber, A-, B-, C- og E-vitamin og minerala fosfor, kalium, jern og sink, og store delar karbohydrat, men heile 74% er vatn. I ein umogen banan er størsteparten av karbohydrata stive, men etter kvart som han mognar, blir dei omdanna til sukker slik at stive til slutt berre utgjer 1-2 % av frukta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frukta av ein vill banantype, som er tjukk, rund og har store frø.
Foto: Warut Roonguthai

Banan blei domestisert i Søraust-Asia, der det framleis veks mange ville variantar. Dei eldste spora etter banandyrking er frå Kuk-myraPapua New Guinea, og er mellom 7000 og 10 000 år gamle.[1] Bananen vart innført til Midt-Austen og på 600-talet av arabiske handelsmenn, ifølgje nokre syn også til Afrika, medan funn av tre tusen år gamle bananfytolittar frå Kamerun og lingvistiske prov på Madagaskar kan tyda på at ho nådde verdsdelen tidlegare.[2]

Tidlege bananar var mindre banansortar enn dei som blir eksportert i stor skala i dag, og det arabiske ordet for finger, banan, er kan hende opphavet til namnet på frukta på norsk og fleire andre språk. Ordet blei spreidd frå Vest-Afrika av vitjande spanjolar eller portugisarar, som tok plantane med seg til Amerika på 1500-talet.

Kultivaren 'Cavendish' er ein av dei mest eksporterte banantypane i dag.
Foto: Steve Hopson, www.stevehopson.com

Bananhandel har spelt ei enorm rolle i økonomien i Mellom-Amerika, der mange i offentleg administrasjon har skodd seg på lukrative avtalar med store, utanlandske fruktimportørar. Dette medførte mykje korrupsjon, og bananselskapa fekk langt på veg kontroll over styresmaktene i fleire av desse landa. Difor vert dei somme tider kalla bananrepublikkar, eit ord som vart brukt første gong av den amerikanske forfattaren O. Henry i 1910.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tracing antiquity of banana cultivation in Papua New Guinea Arkivert 2007-08-29 ved Wayback Machine. ved The Australia and Pacific Science Foundation.
  2. Engelsk Wikipedia oppgav Edmond De Langhe, Pierre de Maret. «Tracking the banana: Significance to Early Agriculture».  og Friedrich J. Zeller. «Herkunft, Diversität und Züchtung der Banane und kultivierter Zitrusarten (Origin, diversity and breeding of banana and plantain (Musa spp.))» (PDF). Journal of Agriculture and Rural Development in the Tropics and Subtropics. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Banan