Anders Jonas Ångström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Ångström (1814-1874)

Anders Jonas Ångström (fødd 13. august 1814 i Medelpad, død 21. juni 1874 i Uppsala) var ein svensk fysikar og astronom. Han er ein av grunnleggjarane av spektroskopien, og eininga ångstrøm (1 Å = 10-10 meter) er kalla opp etter han. Månekrateret Ångström er òg kalla opp etter han. I tillegg arbeidde han med varmeleiing. Han er mest kjend for avgjersla av bølgjelengdene til dei fraunehoferske linjene i solspekteret.

Ångström var professor ved Uppsala universitet frå 1858 til 1874 og rektor ved universitetet i perioden 1870-1871.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Anders Jonas Ångström» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2012.
  • Svenska män och kvinnor
  • Beckman, Olof, Ångström far och son, Acta Universitatis Upsaliensis; Skrifter rörande Uppsala universitet; C.organisation och historia 60 (Uppsala 1997).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]