Uppsala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°51′27.270″N 17°38′36.082″E

Uppsala jernbanestasjon
Uppsala domkyrkje

Uppsala er ein bykommune og den største tettstaden på Uppsalaslätten i det svenske länet Uppsala län. Byen ligg om lag 67 kilometer nord for Stockholm, og er etter innbyggjartalet den fjerde største i landet. Uppsala universitet, som er det eldste universitetet i Skandinavia, skipa i 1477, ligg i byen. Domkyrkja i Uppsala, bygd frå 1200 til 1400-talet, er Nordens største gotiske domkyrkje. Elva Fyrisån renn gjennom dei sentrale områda av byen.

Gamle Uppsala, med gravhaugar, gravfelt og andre fornminne, og ei kyrkje frå mellomalderen, er no ein lut av Uppsala. Det som no heiter Gamle Uppsala hadde opphavleg namnet Uppsala, (skrive ub salum på slutten av 900-talet, altså Upsalum), og var frå 1164 sete for erkebiskopen. Det noverande Uppsalas tidlegaste namn var Östra Aros, der det opphavlege namnet var Aros og tyder elveos, som i dette høvet refererer seg til elva Fyrisåns utløp i Mälaren. Namnet vart så til Östra Aros for å skilje denne staden frå Västra Aros (som vart til Västerås). Då erkebispesetet vart flytta frå det opphavlege Uppsala til Östra Aros om lag 1273, fylgde namnet Uppsala med. Slik vart Östra Aros til Uppsala, medan det opphavlege Uppsala fekk namnet Gamla Uppsala.