Andersson Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 63°35′ S 56°35′ W
Andersson Island
øy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 63°35′ S 56°35′ W
Andersson Island (merka 9) blant øyane utanfor tuppen av Den antarktiske halvøya
Andersson Island (merka 9) blant øyane utanfor tuppen av Den antarktiske halvøya
Andersson Island is located in Antarktis
Andersson Island (Antarktis)

Andersson Island, tidlegare kalla Rosamel Island, er ei øy ved austenden av Tabarin Peninsula i Antarktis.

Øya vart først namngjeven av Den franske antarktisekspedisjonen i 1838, som kalla ho le Rosamel til ære for viseadmiral Claude Charles Marie du Campe de Rosamel som var fransk marineminister. Øya var ein stoppestad under den andre franske ekspedisjonen i regionen. Jules Dumont d'Urville ankra opp utanfor øya då tilhøva ombord på «Astrolabe» og «Zelee» vart for dårlege. Størstedelen av mannskapet på «Astrolabe» hadde tydelege symptom på skjørbuk og hovuddekka var dekte av røyk frå skipselden ombord og den dårlege lukta hadde vorte uuthaldeleg.

Den svenske antarktiskekspedisjonen (SwAE) i 1902 namngav han le de l'Uruguay, etter fartøyet «Uruguay», som hadde redda den svenske ekspedisjonen frå Snow Hill Island.

Ho vart etter kvart gjeve namnet Andersson Island den 21. november 1949, etter dr. Johan Gunnar Andersson (1874-1960), ein svensk geolog som var med på ekspedisjonen. Dette måtte ein gjere for å ikkje forveksle øya med Uruguay Island, som ligg utanfor Graham Coast.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Name Details