Den franske antarktisekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den franske antarktisekspedisjonen kan visa til fleire tidlege utforskingsreiser til Antarktis leidde av franskmenn: Kerguelen-Trémarec-ekspedisjonen i 1772, d'Urville-ekspedisjonen i 1837 Charcot-ekspedisjonane i 1903-1905 og 1908-1910,

Den første ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Yves-Joseph de Kerguelen-Trémarec siglde til Antarktis i 1772, på leit etter det sogeomspunne kontinentet Terra Australis. Han oppdaga Kerguelen-øyane og la ulike territorium under fransk eigarskap. Naturalisten Jean Guillaume Bruguière var med på ekspedisjonen.

Den andre ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Den andre franske antarktisekspedisjonen fann stad i 1837, då Jules Dumont d'Urville leidde ein ekspedisjon til Sørishavet og siglde langs ein del av Antarktika-kysten som han kalla Terre Adélie (Adélie Land) etter kona si. Han utførte dei første eksperimenta for å finna nokonlunde kvar den magnetiske sørpolen låg, og tok mineral- og dyreprøvar frå Archipel de Pointe Géologie.

Den tredje ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Jean-Baptiste Charcot leidde den tredje franske antarktisekspedisjonen som utforska vestkysten av Graham Land frå 1903 til 1905. Ekspedisjonen nådde Adelaide Island i 1905 og tok bilete av Antarktiske Arkipel og Loubetkysten.

Gruppa til Charoct kartla og namngav fleire øyar, som Terre Loubet etter den franske presidenten Émile Loubet, Île Rabot etter geologen Charles Rabot og Île Nansen (no Lavoisier-øya) etter Fridtjof Nansen.

Den fjerde ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Charcot leidde ein ny ekspedisjon til Bellingshausenhavet og Amundsenhavet frå 1908 til 1910. Han utforska Loubet Land og oppdaga Marguerite Bay, som fekk namn etter Charcot si kone, og Charcotøya, som fekk namn etter han sjølv. Gruppa utforska og namngav fleire andre stader, mellom anna Mikkelsen Bay og Mikkelsen Islands.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]