Johan Gunnar Andersson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Gunnar Andersson

Johan Gunnar Andersson eller An Desheng 安德生 (fødd 3. juli 1874 i Knista i Närke i Sverige, død 29. oktober 1960) var ein svensk arkeolog, paleontolog og geolog.

Andersson studerte ved Universitetet i Uppsala og deltok som 25-åring på ein ekspedisjon til Spitsbergen. I 1898 leia han sin egen ekspedisjon til same område, og i 1902 deltok han på den svenske antarktisekspedisjonen til Otto Nordenskjöld til Antarktis.

I 1906 vart Andersson som professor leiar for det svenske organet for geologiske undersøkingar. I 1914 vart han engasjert av den kinesiske regjeringa som geologisk rådgjevar. Teneststaden til Johan Gunnar Andersson var det nyoppretta nasjonale geologiske instituttet (Dizhi kaochasuo) og han vart snart god ven med leiaren her, Ding Wenjiang. På denne tida hjelpte Andersson med utdanninga av kinesiske geologar og oppdaga enkelte jernmalmførekomstar, noko som var til stor hjelp for den kinesiske industrien.

Seinare oppdaga Andersson saman med dei kinesiske kollegaene sine, som forskaren Yuan Fuli, så langt ukjente avlagringar frå yngre steinalder. Desse låg i provinsen Henan ved Guleelva. Epoken funna stamma frå fekk namnet Yangshaokulturen, etter ein landsby der ein i 1921 hadde gjort dei første funna. Mellom 1923 og 1924 var Andersson med på arkeologiske utgravningar i provinsane Gansu og Qinghai. Mest respekt fekk han for dateringa av funna i Zhoukoudian i nærleiken av Beijing (Pekingmennesket), som han kunne legge til eldre steinalder.

I 1926 fekk Johan Gunnar Andersson i oppdrag av den svenske Riksdagen å grunnlegge eit museum som skulle overta de arkeologiske gjenstandane som Andersson hadde teke med seg frå Kina. Alt same år oppstod så det som no heter Östasiatiska museet i Stockholm, under leiing av Johan Gunnar Andersson frå 1928. Ein større del av samlinga skulle sendast attende til Kina som følgje av ein svensk-kinesisk avtale. Dette skjedde så med sju sendingar mellom 1927 og 1936. Denne delen av samlinga gjekk snart etter tapt under den andre sino-japanske krigen.

Johan Gunnar Andersson publiserte fleire bøker og vitskaplege rapportar. Dei siste vart for det meste publisert i dei egne årsskriftene til museet. Han er òg kjent for boka Den gula jordens barn, som vart omsett til mange språk.

I Sverige fekk han tilnamnet Kina-Gunnar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Johan Gunnar Andersson» frå Wikipedia på bokmål, den 15. august 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • Johan Gunnar Andersson: Der Drache und die fremden Teufel F. A. Brockhaus Verlag, Leipzig 1927
    • Magnus Fiskesjö og Chen Xingcan. China before China: Johan Gunnar Andersson, Ding Wenjiang, and the Discovery of China's Prehistory. Stockholm: Museum of Far Eastern Antiquities [Östasiatiska museet], 2004. ISBN 91-970616-3-8.
    • Bernhard Karlgren: Johan Gunnar Andersson. In Memoriam, Östasiatiska Samlingarna, Stockholm, Bulletin No. 33, Stockholm 1961